Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kvinner ser ut til å unngå kontakt med far sin når dei har eggløysing. Ein evolusjonær beskyttelsesmekanisme mot innavl?
Forskarar ved University of Miami and Cal State, Fullerton (UCLA) såg på mobilloggane til 48 kvinner mellom 18 og 22 år – rundt høgda av reproduktiv alder.
– På dagar då dei er på sitt mest fruktbare, ringer kvinnene fedrane sine sjeldnare, og dei legg på røret raskare om faren ringer dei opp, seier Martie Haselton, ein av forskarane bak studien, til Science Daily.
Åtferda kan vera motivert av eit underliggande motiv om å unngå mannleg kontroll når dei er på sitt mest fruktbare. Men det kan òg handla om ein meir grunnleggande impuls: ei evolusjonær tilpassing for å unngå innavl.
Evolusjonsbiologar har funne at hodyr hos andre artar unngår sosial samhandling med mannlege slektningar i fruktbare periodar, fortel førsteforfattar Debra Lieberman.
– Men før vi utførte studien vår, har ingen visst om eit tilsvarande mønster fanst hos kvinner.
Kjelde: Lieberman, D. et al. (2010). Kin Affiliation Across the Ovulatory Cycle: Females Avoid Fathers When Fertile. Psychological Science.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen