Du er her

Likekjønna utruskap

Om du er i eit heteroseksuelt parforhold, kva er verst: at partnaren din er utru med ein av motsatt kjønn, eller av same?

ILL: ODA VALLE

Svaret avheng av om du er kvinne eller mann, ifølgje dei amerikanske psykologane Jaime Confer og Mark Cloud. For ein mann er det mindre tenkeleg å oppretthalda forholdet med ein utru partner som har hatt ein heteroseksuell affære, enn ein homoseksuell. For kvinner er det omvendt. Dei har større problem med at partnaren deira skulle ha sex med ein annan mann.

Funna kom fram etter at 718 studentar på lågare grad (324 menn) blei bedne om å tenka seg ein situasjon der partnaren hadde vore utru, og å føreseia om dei ville halde fram i forholdet etter å ha fått ei orsaking. Deltakarane blei fortalt på førehand at studien ville innebera at dei måtte kunna førestella seg å vera i eit heteroseksuelt forhold. Funna blei ikkje påverka verken av talet på affærar forsøkspersonane skulle sjå for seg eller deltakarane sine eventuelle ekte erfaringar med utruskap.

Medan menn generelt opplever fysisk utruskap som mest uroande, ser kvinner ut til å vera meir plaga av kjenslemessig utruskap, fordi dette vil påverka mannen si omsorg for eventuelle born. Frå eit evolusjonsperspektiv tenker ein at mannen er mest uroa for heteroseksuell utruskap fordi den andre mannen kan setta born på maken. For kvinnene handlar det om at ein homoseksuell relasjon er eit sterkare teikn på total mangel på kjensler frå mannen, skriv BPS Research Digest.

Kjelde: Confer, J., & Cloud, M. (2011). Sex differences in response to imagining a partner’s heterosexual or homosexual affair. Personality and Individual Differences, 50 (2), 129–134.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 2, 2011, side

Kommenter denne artikkelen