Du er her

Utrygg tilknyting gjev tidleg pubertet

Utrygg tilknyting ved 15 månaders alder kan føreseia tidleg kjønnsmogning hos jenter.

Ei forskargruppe leidd av Jay Belsky ved Birkbeck College i London nytta data om tilknyting hos 373 kvite jenteborn frå ein nasjonal studie om tidleg utvikling i USA. Jentene blei så følgt opp til dei var 15 år. Tilknyting ved 15 månader blei målt ved å ta ungane bort frå mødrene, for så å observera reaksjonsmønster ved attforeining. Born som smilte, prata, strekte ut armane og viste at dei sette pris på at mora kom, blei rekna som trygge. Dei som unngjekk mor, eller ikkje lét set trøysta sjølv om dei kom tilbake til mor, blei rekna som utrygge.

Kjønnsmogning blei målt ved årlege undersøking hos helsesøster eller lege frå jentene var 9½. Jenter som var usikre som babyar, kom to til fire månader tidlegare i puberteten enn dei trygge jentene.

Fenomenet lét seg forklara evolusjonsbiologisk ved at naturen er aller mest oppteken av å føra genane vidare til komande generasjonar, forklarar Belsky til Psychological Science. I situasjonar der framtida verkar uviss – fordi utrygg tilknyting til mor evolusjonshistorisk har betydd mindre sjanse for eit langt liv – er det fornuftig å bli i stand til å føra arvestoffet vidare så tidleg som råd.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 10, 2010, side

Kommenter denne artikkelen