Du er her

Sunnare hjerne av kaffi og røyk?

Sjølv dårlege vanar kan ha sine gode sider, i alle fall for bananfluger.

Studiar av menneske har vist at ihuga kaffidrikkarar og røykarar har mindre risiko for å utvikla Parkinsons sjukdom. No har forskarar ved University of Washington undersøkt kva effekt kaffi og sigarettar har på bananfluger. Skjelvinga og andre rørsleforstyrringar ved Parkinsons blir utløyst av at hjerneceller som produserer dopamin, døyr. Leo Pallanck og kollegaer nytta difor fluger som var genetisk modifiserte til at dopaminproduserande hjerneceller skulle døy då dei eldest. Då insekta blei mata med kaffi- og tobakksekstrakt, fann forskarane at dopamincellene likevel overlevde. Koffein og nikotin viste seg ikkje å vera dei beskyttande substansane. Men det er andre lovande stoff i kaffi og tobakk som forskarane no kjem til å testa ut, melder septemberutgåva av Scientific American.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 10, 2010, side

Kommenter denne artikkelen