Du er her

Gla’sladring er bra sladring

Baksnakking kan vera positivt, i alle fall for den som sladrar.

ILLUSTRASJON: ODA VALLE

Sladrehankar kjenner seg meir støtta, og å rosa nokon bak ryggen deira – positivt sladder – kan gje ein kortvarig auke i sjølvbiletet hos den som sladrar. Dette viser dei foreløpige resultata av forskinga til Jennifer Cole og Hannah Scrivener ved Staffordshire University.

For å sjekka kva konsekvensar sladring har for den som sladrar, ba forskarane 160 personar om å fylla ut eit spørjeskjema som kartla kor mykje dei sladra, og som gav mål på sjølvkjensle, sosial støtte og tilfredsheit med livet.

Sladring korrelerte ikkje med sjølvkjensle og tilfredsheit, men personar som sladra mykje, hadde ei sterkare kjensle av sosial støtte. I ein oppfølgingsstudie fekk 140 deltakarar i oppgåve å snakka anten positivt eller negativt om ein oppdikta person. Dei som skildra den oppdikta personen positivt, rapporterte eit betre sjølvbilete enn dei som snakka negativt om personen, skriv BPS Media Centre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 10, 2010, side

Kommenter denne artikkelen