Du er her

Rik på pengar, fattig på gleder

Rikdomen som gjer oss i stand til å skaffa oss mange ting, ser samstundes ut til å kunna hemma evna vår til å gleda oss over dei same tinga.

I alle fall peikar resultata til eit internasjonalt forskarlag under leiing av Jordi Quoidbach i den leia. Ifølgje Psychological Science gjennomførte desse først ein studie blant tilsette ved universitetet i Liège, Belgia, frå dekanar til vaktmeistrar. Det viste seg at jo meir pengar forsøkspersonane hadde i banken, dess mindre sjanse var det for at dei kunne gleda seg over ting som eit vakkert fossefall, blomar eller ei roleg og avslappa helg. Og datamaterialet viste tydeleg kva for veg årsakspila gjekk: Dei som hadde syn for enkle gleder, hadde ikkje eit mindre ønske om pengar. Tvert om: dei som hadde mange pengar, hadde mindre evne til å gleda seg. Forskarane fann jamvel at bare det å minna forsøkspersonane på pengar ved å visa eit bilete av ein stabel med euro, var nok til å dempa evna til å gleda seg.

I ein oppfølgingsstudie fekk deltakarar frå 16 til 59 år ved University of British Columbia, Canada i oppgåve å eta ein sjokolade. Men først måtte dei svara på eit kort spørjeskjema. Halvparten av skjemaa inneheldt eit bilete av canadiske pengar. Den andre halvparten inneheldt eit nøytralt bilete.

Dei som blei førebudd på sjokoladeeting med eit pengebilete, brukte kortare tid på sjokoladen og blei av observatørar vurdert til å nyta den mindre enn dei andre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 9, 2010, side

Kommenter denne artikkelen