Du er her

Grøne egoistar

Å vera miljøvenleg kan faktisk ha negativ effekt på altruisme og etiske val, vise ein ny studie.

Forskarane N. Mazar og C. B. Zhong ved University of Toronto har publisert ein studie i Psychological Science som viser ein uventa bieffekt av miljøbevisst åtferd. Nokre av deltakarane skulle gå i ein såkalla grøn butikk, som førte mange miljømerkte produkt, medan resten skulle gå i ein alminneleg butikk. I kvar butikk skulle eine halvparten av forsøkspersonane kjøpa noko, medan den andre halvparten berre såg på varene. Deretter fekk dei seks dollar kvar som dei anten kunne dela eller behalda i eit anonymt spel. Dei som bare hadde sett på dei grøne varene, delte meir enn dei som hadde kikka i den vanlege butikken. Medan dei som hadde handla i den grøne butikken, delte mindre enn dei som handla i den vanlege butikken.

I ein oppfølgingsstudie handla ei gruppe i ein grøn butikk og ei anna i ein vanleg butikk. Etterpå løyste dei ei oppgåve der det var råd å juksa og stela pengar. Personane som hadde vore i den grøne butikken, stal meir enn dei andre.

Resultata tydar på at konsum er nærare knytt til vårt sosiale og moralske sjølv enn det ein til no har trudd.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 9, 2010, side

Kommenter denne artikkelen