Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Menn skuldar mannlege valdtektsoffer for ikkje å kjempa mot overgriparen.
Tre hundre og ein deltakarar (150 menn og 151 kvinner, med ein snittalder på 23 år) fekk lesa ulike scenario med variasjonar i kjønn og seksuell legning hos offera, og om dei sov eller var vakne då overgrepa fann stad. Etterpå skulle deltakarane svara på eit spørjeskjema om skuld.
Mennene i studien hadde mindre sympati med valdtektsoffera og plasserte generelt meir skuld hos dei enn det kvinnene gjorde. Især andre menn blei skulda for ikkje å kjempa mot overgriparen. Mennene i studien klassifiserte overgrep mot homofile menn som minst alvorleg, især når offera var vakne.
Studien blei utført av Michelle Davies og Paul Rogers ved University of Central Lancashire
– Valdtekt er eit avskyeleg brotsverk, og prosessen med å få overgriparen dømd kan vera nesten like traumatiserande, kommenterer Michelle Davies til BPS Media Centre.
– Kunnskap om at særmerkte offer i særmerkte situasjonar blir tillagt meir skuld enn andre gjev dei som er involverte i behandling av offer, eit forsprang når det gjeld å føreseia kva for reaksjonar offera kan møta. u
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen