Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Unge som tenker negativt om aldring, kan bli sjuke av det på lang sikt.
Mange eldre ber sjølv med seg lite smigrande stereotypiar om gamle menneske, som at dei er hjelpelause og inkompetente. Forsking har vist at eldre som sjølv trur på slike karakteristikkar, har ein tendens til å oppfylla dei.
Men det treng ikkje bare vera gamle som tar skade av aldersfordomar (eng. ageism). Ein ny studie publisert i Psychological Science tyder på at unge, friske menneske som har slike fordomar mot gamle, sjølv står i fare for å få hjartelidingar mange år seinare. Forskarane Becca Levy og Martin D. Slade ved Yale School of Public Health har saman med Alan B. Zonderman og Luigi Ferrucci ved det amerikanske National Institute on Aging Intramural Research Program gått igjennom data frå ein longitudinell aldringsstudie i Baltimore. Studien starta i 1968 med friske personar mellom 18 og 49 år. Forsøkspersonane rapporterte ved oppstart mellom anna haldningar til aldring.
Då forskarane gjekk igjennom sjukehistoriene til forsøkspersonane, med særleg vekt på kardiovaskulære lidingar, fann dei ein slåande korrelasjon mellom aldersfordomar tidleg i livet og dårleg helse seinare. Resultatet blei kontrollert for røyking, depresjon, kolesterol, sjukehistorie i familien og ei mengd andre moglege risikofaktorar. u
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen