Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Bruk av rusmiddelet metamfetamin korrelerer med nedsette sosiale evner.
Dei australske forskarane Julie Henry og Peter Rendell testa 20 vaksne som hadde brukt rusmiddelet metamfetamin (MA) over lengre tid – i snitt fire år – for å sjå om misbruket hadde gjeve nedsette sosiale evner.
Personane som hadde brukt MA, viste signifikant svikt i evna til å lesa andlet. Dei var mykje dårlegare enn kontrollgruppa til å løysa ei Theory of Mind-oppgåve som gjekk ut på å setta namn på kjenslene som kom til uttrykk i fotografi av folk sine auge.
– Dette viser oss at metamfetaminbruk har psykologiske konsekvensar, og potensielt konsekvensar for desse personane si sosiale fungering. Men vi må òg hugsa på at dei manglande sosiale evnene kan ha vore til stades før rusmiddelmisbruket tok til, og jamvel kan ha vore ein risikofaktor. Personar som slit med å forstå andre, kan ha større sjanse for å rusa seg i utgangspunktet, seier forskarane til BPS Media Centre. u
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen