Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Synkronisert samhandling i form av synging, marsjering eller religiøse ritual gjer at deltakarane samarbeider lettare med andre.
Stanford-psykologane Scott S. Wiltermuth og Chip Heath bad to grupper frivillige om å gå rundt på universitetsområdet, den eine gruppa i takt og den andre vanleg. Etterpå tok forsøkspersonane del i eit økonomispel som målte samarbeid – dess meir samarbeid, dess større gevinst til slutt.
I eit anna eksperimentet lydde deltakarane til musikk via høyretelefonar og måtte skifta øyreklokkene fram og til-bake i takt med musikken. Nokre grupper høyrte på same song, og flytta koppane i takt med kvarandre, medan andre grupper hadde musikk med ulik rytme. Rørslene deira blei ikkje synkrone. Også dette forsøket blei avslutta med eit økonomispel som målte samarbeid opp mot egoisme.
Resultata viste at synkrone handlingar fostra samarbeid, sjølv når alle forsøkspersonane hadde same økonomiske insentiv til å samarbeida. Deltakarar frå dei synkroniserte gruppene viste jamvel vilje til å ofra eiga vinning til beste for fellesskapen. Desse rapporterte òg ei sterkare kjensle av å vera på same lag.
– Historisk kan synkrone ritual ha gjeve visse kulturelle grupper fordelar i den sosiale evolusjonen, hevdar forfattarane.
Studien blei publisert i januar-utgåva av Psychological Science.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen