Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Internett er truleg blitt ein betre stad å vera.
Studiar frå midten av 1990-talet viste at unge som brukte mykje tid på Internett ofte ofra nære venskap og kontakt med familie for overflatiske nettrelasjonar med totalt framande. Men i ein nyleg publisert artikkel i Current Directions in Psychological Science har Patti Valkenburg og Jochen Peter frå Universitetet i Amsterdam analysert forskinga på feltet det siste tiåret. Funna deira tydar på at nettet har endra seg.
For det første har det at så mange unge no er aktive på Internett, gjort det til ein reell sosial arena. Når «alle» er på nettet ser dei fleste ut til å nytta teknologien til å pleia allereie eksisterande relasjonar i staden for å skapa nye. For det andre har nye kommunikasjonsverktøy som MSN og Facebook endra brukarvanane. Medan dei som var aktive på nettet på 1990-talet, kommuniserte ofte med framande i offentlege prate-rom (chat rooms), nyttar åtte av ti unge nettbrukarar i dag instant messaging-løysingar som MSN for å ha kontakt med dei same venene som dei ser på skule og jobb.
Valkenburg og Peter trur at det nye nettet oppmodar til ærleg kommunikasjon om svært personlege tema som mange unge elles finn det vanskeleg å snakka om. På nettet er det færre inntrykk og sosiale konvensjonar som gjer dei merksame på korleis andre opplever dei, noko som gjer at dei kjenner seg mindre hemma og kan snakka uvanleg intimt saman. Psykologane hevdar òg at «hyperpersonlege» internettsamtalar kan leia til endå betre venskapar som vernar dei unge mot stress og gjev høgare grad av lukke, skriv www.psychologicalscience.org.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen