Du er her

Testosteron og autisme

Utvikling av autistiske karaktertrekk er relatert til høgt testosteronnivå under svangerskapen.

Forskargruppa til Bonnie Auyeung og Simon Baron-Cohen ved University of Cambridge målte testosteronnivåa i fostervassprøver frå 235 kvinner. Mødrene svarte på spørjeskjema som målte autistiske karaktertrekk hjå ungane då desse var mellom seks og ti år.

Både hos dei 118 gutane og dei 117 jentene hang høgt testosteronnivå saman med høge skåringar på to ulike målingar av autistiske trekk.

Tidlegare studiar har vist ein samanheng mellom høge testosteronnivå hos fosteret og mindre augnekontakt, sein språkutvikling og vanskar med empati i barneåra. I denne nye studien fann forskarane i tillegg korrelasjon med typisk autistiske trekk som auka merksemd for detaljar, glede over repetisjonar og vanskar med sosialisering og kommunikasjon.

- Denne studien tyder på at testosteronet ikkje bare gjer kroppen meir maskulin, men òg sinnet og hjernen, seier professor Baron-Cohen i ein kommentar til British Journal of Psychology, som publiserte studien 12. januar i år. u

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 3, 2009, side

Kommenter denne artikkelen