Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kan kroppsspråket avsløra sosioøkonomisk status?
Psykologane Michael W. Kraus og Dacher Keltner ved University of California filma forsøkspersonar i ein intervjusituasjon, og analyserte opptaka på jakt etter teikn på engasjement (som nikking, latter og augnekontakt) og det motsette (som fikling med gjenstandar og skribling). Forsøkspersonane som hadde foreldre med høgare sosioøkonomisk bakgrunn, viste meir uengasjert åtferd.
Ei gruppe uavhengige observatørar fekk sjå klypp på 60 sekund frå videoane. Jamvel desse klarte å avgjera den sosioøkonomiske statusen til personane på bakgrunn av kroppsspråket. Resultata blei publiserte i Psychological Science. Forskarane understrekar at dette er den første studien som har vist ein slik samanheng.
Ei forklaring kan vera at personar som er velståande og har tilgang til prestisjetunge institusjonar, er mindre avhengige av andre. Dette sjølvstendet viser seg så i kroppsspråket i sosiale situasjonar. u
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen