Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommunisering av kjensler med stemma ser ut til å vera lik på tvers av kulturar.
Forskarane Greg Bryant og Clark Barrett ved University of California, Los Angeles, har testa ein hypotese om at tilhøvet mellom lydar og intensjonar er universelt.
Dei gjorde opptak av engelsktalande mødrer som snakka til sitt eige barn og til ein vaksen med fire ulike bodskapar: avvergande, bekreftande, trøystande og oppmerksam. Så spela dei opptaka av for innbyggarane i ein Shuar-landsby i Ecuador for å finna ut om desse kunne skilja mellom tale stila til born og til vaksne, og om dei kunne avgjera bodskapen.
Resultata, som blei publiserte i august-utgåva av Psychological Science, viste at shuarane var i stand til å skilja mellom vaksen-retta og barne-retta tale med 73 prosent grannsemd. Testpersonane klarte også å avgjera kva type bodskap dei engelsktalande mødrene hadde, men dette var lettast å avgjera når mødrene snakka «baby-språk».
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen