Du er her

Utilfredse materialistar

Arbeidstakarar som set status, makt og pengar høgare enn det å hjelpa kollegaer og utvikla talenta sine, har større risiko for å bli misnøgde med livet sitt.

Publisert
1. september 2007

Dei opplever òg fleire konfliktar, og er mindre lojale overfor arbeidsgjevarar, viser forsking frå belgiske Maarten Vansteenkiste publisert i mai i Journal of Occupational and Organizational Psychology.

Resultata bygger på ei spørjeundersøking gjort blant 885 belgiske arbeidstakarar av begge kjønn og med ulik alder og tilsettingstilhøve.

Ifølgje doktor Vansteenkiste vel mange organisasjonar i dag å gje arbeidstakarane materiell påskjøning, medan denne forskinga viser at dette kan vera uproduktivt. Materiell påskjøning kan leia arbeidarane si merksemd bort frå andre mindre handgripelege mål, som gode arbeidsrelasjonar, autonomi og trivsel, som er viktige for å bevara ei god mental helse, skriv BPS Media Centre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 9, 2007, side

Kommenter denne artikkelen