Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Auken i kunnskap kring kosthald har utfordra mødrer si tru på eigen «medfødd» kunnskap.
Det å vera mor blir i dag ofte sett på som ein eksakt vitskap som mødrer bør følgja for å gjera det beste for barnet sitt, noko som står i sterk kontrast til det tradisjonelle synet på det å vera mor som ein naturleg og instinktiv prosess. Dette viser funn gjort av ei forskingsgruppe ved Universitetet i London under leiing av Dr. Kristin Heffernan.
Gruppa spurde to generasjonar mødrer om informasjonen dei hadde fått under svangerskapen om sunn kost og mating av ungen, og om kulturelle forventingar til eigen kropp under svangerskapen og i barseltida. Den yngste mødregenerasjonen tenderte mot å sjå den medisinske informasjonen dei mottok, som autoritativ, og stolte meir på denne enn på eigne instinkt. Den eldste generasjonen hadde motteke mindre rådgjeving, og det var tydeleg at desse òg la meir på seg og var mindre opptekne av kroppsbiletet sitt enn dei yngre.
– Det er større grad av regulering og sjølv-overvaking blant dagens mødregenerasjon. Desse mødrene kjenner seg forplikta til å ta omsyn til det dei blir fortalde, for å gje borna sine ein best mogleg start i livet, seier dr. Heffernan til BPS Media Centre.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen