Du er her

Komorbiditet ved kronisk insomni

Ny forsking tyder på at behandling av kronisk insomni vil kunna gje store positive helseeffektar i samfunnet.

Publisert
10. april 2007

Ei gruppe amerikanske forskarar under leiing av Daniel J. Taylor ved University of North Texas, Denton har henta inn eigenrapporteringsdata om søvn, helse, depresjon og angst frå 772 kvinner og menn mellom 20 og 98 år.

Resultata, som er publisert i Sleep, viser at personar med kronisk insomni rapporterte meir enn personar utan av følgjande: hjartelidingar (21,9  % vs. 9,5  %), høgt blodtrykk (43,1  % vs. 18,7  %), nevrologiske lidingar (7,3  % vs. 1,2  %), pusteproblem (24,8  % vs. 5,7  %), urinvegsproblem (19,7  % vs. 9,5  %), kroniske smerter (50,4  % vs. 18,2  %), og gastrointestinale problem (33,6  % vs. 9,2  %).

Motsett rapporterte personar med føljande medisinske problem meir kronisk insomni enn personar utan: hjartelidingar (44,1  % vs. 22,8  %), kreft (41,4  % vs. 24,6  %), høgt blodtrykk (44,0  % vs. 19,3  %), nevrologiske lidingar (66,7  % vs. 24,3  %), pusteproblem (59,6  % vs. 21,4  %), urinvegsproblem (41,5  % vs. 23,3  %), kroniske smerter (48,6  % vs. 17,2  %), og gastrointestinale problem (55,4  % vs. 20,0  %).

Ei samla vurdering av alle dei medisinske problema viste at pasientar med høgt blodtrykk, pusteproblem, urineringsproblem, kroniske smerter eller gastrointestinale problem hadde statistisk høgare nivå av insomni enn personar utan slike medisinske lidingar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 4, 2007, side

Kommenter denne artikkelen