Du er her

Større mobb gjev meir vald

Valdsnivået i lynsjingar aukar parallelt med storleiken på gruppa som utøver vald.

Dette kan kasta lys på mekanismane bak andre former for gruppefiendskap og hatkriminalitet, til dømes etnisk reinsing, meiner psykologen Tirza Leader og kollegaene ved University of Kent.

Forskarane undersøkte avisreportasjar frå lynsjingar i USA frå 1899 til 1946 på jakt etter eventuelle mønster i valden, og fann mellom anna at det ikkje var nokon samanheng mellom talet på hendingar og talet på afroamerikanarar i eit gjeve fylke. Men storleiken på mobben var viktig. Sjølv ei lita endring frå fire til ti deltakarar førte til at mengda oppførte seg mykje meir brutalt.

Forskarane meiner dette kan henga saman med at ei større gruppe gjer det lettare for deltakarane å «missa seg sjølve» i mengda, det finn stad ein deindividuasjon. Deltakarane kjenner seg òg beskytta av anonymiteten som gruppa gjev dei, melder BPS Media Centre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 12, 2006, side

Kommenter denne artikkelen