Du er her

Identitet og kommunikasjon

Etniske grupper må vera merksame på sine ulike identitetar.

Dette er viktig dersom dei skal oppnå betre kommunikasjon og korrekt tolking av kvarandre sine handlingar, meiner professor i psykologi John Dovidio ved University of Connecticut.

Forsking har vist at auka kontakt mellom ulike etniske grupper i seg sjølv ikkje er særleg effektivt når det gjeld å skapa samhald. Interaksjon mellom ei majoritetsgruppe og ei minoritetsgruppe er vanlegvis prega av lite harmonisk samhandling og dårleg kommunikasjon.

Til dømes er det vist at positive verbale utsegner frå kvite mot minoritetsgrupper kan underminerast av eit kroppsspråk som avslører usagte rasediskriminerande haldningar. Engsting i sosiale situasjonar kan òg føra til utsending av signal som lett kan oppfattast som teikn på at ein ikkje likar den andre, skriv BPS Media Centre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 12, 2006, side

Kommenter denne artikkelen