Du er her

Fører terrorfrykt til islamfrykt?

Terroristhandlingar har auka mistrua til og frykta for muslimar i Storbritannia.

Professor i sosialpsykologi Dominic Abrams ved Centre for the Study of Group Processes ved University of Kent har teke føre seg resultata frå to store nasjonale spørjeundersøkingar utført høvesvis ein månad før og ein månad etter bombingane i London 7. juli 2005.

Sjølv om 77 prosent av britane meinte at muslimar er offer for diskriminering og fordomar, blei kjenslene mot muslimar som gruppe meir negative etter bombingane, skriv BPS Media Centre. Folk sa til dømes at dei ville kjenna seg merkbart mindre komfortable med ein muslim som nabo, sjef eller verbarn.

Terrortrugsmål vil òg påverka andre sosiale grupper. Til dømes meinte 75 prosent av folk i Storbritannia etter bombinga at ein burde ta i bruk sterkare tiltak for å visa ut illegale immigrantar. Før åtaka var talet 59 prosent.

Samstundes deler innbyggjarane visjonen om landet som eit egalitært samfunn med felles verdiar. To tredelar av dei spurte ville til dømes ha integrerte skular.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 12, 2006, side

Kommenter denne artikkelen