Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Meir enn helvta av alle pasientar som trur dei lir av matintoleranse, har eigentleg angst eller depresjon.
Resultata kjem fram i ei ny undersøking under leiing av professor Tone Tangen ved Psykiatrisk institutt, Universitetet i Bergen. Undersøkinga er ein del av det tverrfaglege matallergi og intoleranse-prosjektet ved UiB og tek opp samanhengen mellom matplager og psykisk helse.
– Mageplager blir ein del av depresjonen. Mange av desse pasientane er svært hardt ramma. Dei går ut i langvarige sjukemeldingar, og ein del blir uføretrygda. Mange får då diagnosen muskel-/skjelettplager, for det er ganske vanleg at smerter i magen «smittar over» til musklar og skjelett, seier Tangen til universitetet sitt forskingsmagasin Hubro.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen