Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Musikkundervising er knytta til høgare IQ og betre akademiske prestasjonar hjå born.
I 2004 publiserte professor i psykologi ved universitetet i Toronto, E. Glenn Schellenberg, ein studie som viste at seksåringar som fekk eit års undervisning i song og pianospel oppnådde ein signifikant auke i IQ samanlikna med ei kontrollgruppe. Ifølgje Journal of Educational Psychology tydar Schellenberg sitt nyaste arbeid på at effekten samsvarar med dosen med musikk.
Di lengre borna i Schellenberg sin studie tok timar i musikk, di høgare blei IQ og skulekarakterar.
Schellenberg og kollegane tok for seg to grupper med studentar: born mellom seks og 11 år, og førsteårs collegestudentar, og kartla IQ, skuleprestasjonar og talet på år med musikkundervisning for begge gruppene.
I den yngste gruppa fann forskarane at kvar ekstra månad med musikkundervisning samsvarte med ein sjettedels poeng auke i IQ, nok som skulle tilseie ein auke i 7,5 poeng over seks år. Resultata for collegestudentane, var to poeng auke i IQ etter seks år med musikk. Både små og store musikkstudentar hadde betre skuleresultat enn kontrollgruppene, og collegestudentane viste òg betra evne til å organisera inntrykk, og betra arbeidshukommelse. Resultata besto sjølv etter at dei var kontrollert opp mot inntekt, utdanningsnivå og kjønn hjå foreldra.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen