Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Eldre er betre enn unge til å løysa mellommenneskelege problem.
Dr. Fredda Blanchard-Fields ved Georgia Institute of Technology gav ei gruppe menneske mellom 14 og 75 år hypotetiske problemscenarier. Deltakarane blei bedne om sjølv å foreslå løysingar eller om å rangera i kva grad dei ville ta i bruk ulike ferdigformulerte strategiar. Problema var både reint instrumentelle, som å skulla levera tilbake ei defekt vare, og mellommenneskelege, som å ta ei avgjer om å plassera mor på pleieheim.
Forskaren fann at unge nærma seg emosjonelt belastande utfordringar med ein tanke om at desse skulle kontrollerast og løysast, medan dei godt vaksne var flinkare til å tilpassa val av strategi til ulike problem. Dei eldre viste seg òg å vera meir kjenslevare og merksame på vanskelege tema.
– Dei kjensleorienterte strategiane eldre nyttar for å løysa mellommenneskelege kvardagsproblem, tyder på at dei er meir komplekse, fleksible og emosjonelt modne enn det ein ofte tenkjer. Dette står i sterk kontrast til dei nedsette kognitive evnene ein til vanleg assosierer med høg alder, seier Blanchard-Fields til BPS Media Centre.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen