Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kognitiv gruppeterapi gjev signifikant betring av depresjonar for personar med komorbide psykotiske lidingar.
Dette kjem fram i ein artikkel i tidsskriftet Clinical Psychology and Psychotherapy, skriven av Roger Hagen, Hans M. Nordahl og Rolf W. Gråwe.
I løpet av åtte veker gjennomførte femten deltakarar med enten schizofreni eller schizoaffektiv liding 16 gruppeterapisamlingar à 90 minutt. Forskarane registrerte graden av funksjonsdyktigheit, depresjon og vonløyse og pasientane sitt sjølvbilete før, like etter og seks månader etter behandlinga.
Samanlikna med før behandlinga starta, viste pasientane lågare depresjonsnivå både like etter og eit halvt år etter avslutta behandling. I tillegg var graden av funksjonsdyktigheit òg betre etter seks månader. Sjølvbiletet og graden av håpløyse viste derimot inga endring. Studien blir avgrensa av at den ikkje inkluderte ei kontrollgruppe, og at deltakarane var få. Dessutan fanst det ei overvekt av menn. Likevel tyder funna på at kognitiv gruppeterapi kan hjelpe pasientar med psykotiske lidingar til betre funksjon og mindre depresjon.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen