Du er her

Lemurar som lurar

No er det bevist: lemurar kan òg lyga.

Lemurar liknar aper av utsjånad, men genetisk har dei truleg meir til felles med forfedrar som levde for millionar av år sidan.

Doktorgradsstudenten Emilie Genty ved University of St. Andrews i Skottland trena tre lemurar til å peika ut kva for ein av to bollar som var snudd på hovudet, gøymte ei rosin. Deretter introduserte ho ein trenar med kvit lab-frakk som lemurane skulle visa veg til rosina etter at Genty hadde gøymt den. Valte dyret riktig, fekk det rosina. Svara det feil, tok trenaren rosina bort.

Nokre gongar kom ein tredje trenar, med hatt, frakk og mørke solbriller. Denne let som ho åt rosina når lemuren peika den ut. Resultatet var at ein av dei tre dyra byrja å peika mot feil bolle – noko Genty løna med ei rosin. Ein annan av lemurane vart verande, men nekta å gi informasjon til den tjuvaktige trenaren. Den tredje gjekk inst i buret og ville ikkje lenger ta del i eksperimentet. Men alle heldt fram med å peika ut korrekt bolle til trenaren i kvitt.

Sjølv dyr som er svært fjernt i slekt med menneske, kan altså læra å lura andre. Anekdotiske prov peikar på at kjæledyr òg er med på leiken, som når kattar mjauar ved døra for å stela godstolen når eigaren reiser seg for å lukka opp, seier Genty til Journal of Experimental Psychology.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 6, 2006, side

Kommenter denne artikkelen