Du er her

Dobbeltmoral

Vi dømer andre etter moralske og rettvise kriterium, trur vi …

Folk flest reagerer negativt mot eit illojalt medlem innan si eiga gruppe, og positivt til ein tilsvarande illojalitet hjå eit medlem i ei konkurrerande gruppe. Dette gjeld sjølv når dei to «utbrytarane» i praksis deler same middelstandpunkt. Dette hevdar professor Dominic Abrams ved Universitetet i Kent.

Abrams fann at etter som born veks til og blir meir merksame på andre sine individuelle kvalitetar, blir dei også «flinkare» til å eigna slike doble standardar til seg. Funna har følgjer for korleis ein vurderer kva tyding sosial identitet og normer innanfor aldersgruppa har for inkludering og ekskludering blant born og unge. Slike gruppebaserte reaksjonar kan òg setjast i samanheng med sosiale problem som mobbing i skulen og måten varslarar blir møtt på i næringslivet.

Ifølgje Abrams vil det alltid vera ei spenning mellom det å vera ein god lagspelar og det å vera urettvist favoriserande overfor si eiga gruppe.

– Forskinga mi viser at det finst eit tungt psykisk lojalitetspress allereie i barndomen, og at dei som viser toleranse for andre grupper, fort kan oppleva å bli mislikt av si eiga gruppe, seier han til BPS Media Centre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 6, 2006, side

Kommenter denne artikkelen