Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Ungdom som «berre» har angst og depresjon, oppsøkjer i mindre grad hjelp enn ungdom som har fysiske plager i tillegg.
Dette kjem fram i undersøkingar Folkehelseinstituttet har gjort blant drygt 11 000 norske 15- og 16-åringar. Resultata er publiserte i BioMed Central Public Health.
Ifølgje tidsskriftet.no har tidlegare undersøkingar vist at mellom 16 og 22 prosent av dei unge slit med psykiske problem. Berre 730 av dei spurte (7 prosent) fortalte at dei hadde søkt hjelp for dette det siste året, og blant dei med størst plager hadde berre 34 prosent søkt hjelp.
– Denne undersøkinga gjev ikkje grunnlag for å seia noko om årsakene. Vi kan likevel tenkja oss at det dels skuldast at mange ungdomar ser på desse plagene som ein del av alt som skjer når ein er i puberteten, og dels at dei ikkje opplever symptoma som ein type psykiske plager, men i staden har generelt ubehag. Vidare kan det tenkjast at allmennpraktikarar og andre innanfor helsevesenet som er i kontakt med desse ungdomane, har vanskar med å identifisera denne typen psykiske plager, seier ein av forfattarane, psykolog Henrik Daae Zachrisson.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen