Du er her

Studentoppgåver gav kimen til standardverk

Psykologipioneren Sir Michael Rutter gjev gode rettleiarar i studietida mykje av æra for sine eigne banebrytande oppdagingar.

Publisert
6. november 2012

RESSURS: Michael Rutter, ein av verdas leiande utviklingspykologar, er rett som det er i Noreg som fagleg rettleiar for Folkehelseinstituttet.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

Han snakkar ein engelsk som bringer fram bilete av store bibliotek, Chesterfield-møblar og heva veslefingrar. Samtalen blir krydra med kultivert humor og skuletypiske «understatements » som leier tankane til ein P. G. Woodehouse-roman, eller oppgjerets time i Agatha Christie sine «who-doneits ». Spørsmålet frå kriminalsjangeren er forresten lett å svara på: Sir Michael Rutter is the one who has done it. Gjennom meir enn 60 år har han bidrege til viktige oppdagingar innanfor autismeforskinga, utviklingspsykologien og psykologisk epidemiologi. Han er både lege og psykolog, var den første barnepsykiateren i Storbritannia, har skrive bøker som blir rekna som faglege klassikarar, og er – i god engelsk tradisjon – adla for innsatsen sin for born si psykiske helse. Vi møter han under ein av hans mange Oslo-turar. 79-åringen er tungt inne i styringsgruppene for Nasjonalt Folkehelseinstitutt sin ADHD -studie og ABC-studien om autisme, må vita.

– Ein blir avhengig av forsking fordi den alltid leier endelaust vidare. Den endrar tingen vi ser på

Michael Rutter

Pionér

Rutter blei heilt frå starten av karriera oppmoda til å skaffa seg erfaring om born si utvikling for å kunna bli ein akademisk skulert barnepsykolog. Vegen gjekk difor til New York og eit år under kateteret til temperamentsforskarane Alexander Thomas, Stella Chess og Herbert G. Birch.

– Det var eit vidunderleg år. Eg lærte mykje, ikkje bare om temperamentsforsking, men om å tenka breiare rundt psykologi og utvikling. Hugs at ingen av desse var utviklingspsykologar. Birch dreiv med samanliknande psykologi, Alex var vaksenpsykolog, og Stella var barnepsykolog. Men det var ei svært stimulerande gruppe, og Birch hadde også medisinsk utdanning. Ha brukte seia – eg vil tru med tunga i kinnet – at han måtte studera medisin for å få lov til å dobbeltparkera. Ein legelisens gav nemleg løyve til dette i den marerittaktige New York-trafikken, smilar Rutter.

– Kva er dei viktigaste spørsmåla du har stilt deg sjølv?

Rutter tar utfordringa med å komprimera eit heilt liv med forsking ned til nokre essensielle spørsmål, og landar raskt på to. Det første var ei interesse som starta då han under utdanninga leverte inn ei oppgåve om sansedeprivasjon – slike oppgåver leverte dei inn kvar laurdag, fortel han.

– Eg skreiv om personar som blei neddukka i vatn og slik kutta av frå nokre sanseinntrykk, og såg på effektane. Dette fekk meg interessert i sansedeprivasjon meir generelt.

Interessa kulminerte i Rutter si bok frå 1972: Maternal deprivation reassessed, ei bok som i dag er å rekna som ein klassikar innanfor feltet som handlar om born si tilknyting og utvikling.

Tre tema

Det andre viktige spørsmålet vaks også fram frå arbeidet med ei innlevering under studietida, denne gongen med utgangspunkt i ein epidemiologisk studie om samanhengen mellom sjukdom hos foreldre og sjukdom hos born. Rutter blei interessert, utførte etter kvart sjølv epidemiologiske studiar, og fekk på sikt doktorgraden i medisin innanfor feltet.

Samstundes utførte han den første autismestudien sin, ifølgje han sjølv meir som eit venstrehandsarbeid og tidsfordriv medan han utvikla og planla meir ambisiøse studiar på samhandling i familiar. Men kombinasjonen av epidemiologi og autismestudiar skulle når det kom til stykket, visa seg svært fruktbart.

– Funna var så interessante at eg blei hekta på autismeforsking, noko eg har halde fram med.

Epidemiologi, autisme og deprivasjon. Denne treeininga har altså følgt han frå studiedagane og fram til i dag.

– Kva har vore dei største overraskingane i arbeidet ditt, eurekaaugneblinkane, om du har hatt det?

– Å ja, det har vore mange slike, seier han, og dreg fram forskinga på rumenske adoptivborn som døme. Denne byrja på starten av 1990-talet.

– Studien har vore full av overraskingar. For eksempel trudde alle – inkludert meg – at effekten av institusjonell deprivasjon ville vera ein auke i normale psykopatologiske forstyrringar; emosjonslidingar, åtferdsforstyrringar etc. Men vi fann ingen auke i slike plager, men derimot ein auke i uvanlege forstyrringar, som autismeliknande lidingar, kvasiautistiske mønster, sosial disinhibisjon, tilknytingsproblem og ADHD.

Studien viste også at effekten av institusjonell deprivasjon heldt seg like sterk då forsøkspersonane var 15 år som då dei var 11, 6 og 4. Den gjengse oppfattinga då vi starta studien, var at sjølv alvorlege røynsler bleiknar med tida.

– Så det at vi ikkje fann dette, var verkeleg ei stor overrasking, fortel Michael Rutter.

Rumenske adoptivborn

Han fortel om eit anna overraskande funn i studien. Jamt over fekk dei rumenske borna det betre etter adopsjon enn dei hadde det før. Likevel var det ei lita, men signifikant, gruppe som ikkje viste betring etter adopsjon.

– Borna som forlét institusjonen då dei var mindre enn seks månadar gamle, gjorde det like godt som samanlikningsgruppa.

Men blant dei som blei adoptert vekk i løpet av andre halvdel av det første leveåret sitt, fekk heile 40 prosent problem som varte også etter adopsjonen. Det betyr at det må vera ei eller anna endring i kroppen som slår inn rundt eit halvt års alder og som har konsekvensar for følgjene av institusjonell deprivasjon.

– Etter at vi oppdaga denne gåta, har vi forsøkt å finna ut nøyaktig kva det er som gjer dette, og vi er på god veg til å finna det ut, seier Rutter.

– Slike overraskingar er det som gjer forsking avhengigheitsskapande, ikkje bekrefting av hypotesar, det er det keisame. Men ein blir avhengig av forsking fordi den alltid leier endelaust vidare. Den endrar tingen vi ser på. Så her er eg, fjorten og eit halv år etter pensjonering, og held framleis på med forsking.

– Og kva har vore dei største utfordringane?

– Igjen, ganske så mykje, ler Rutter, men dreg fram utfordringane med å driva genetisk forsking utan å vera genetikar, og måtta læra seg mykje om genetikk undervegs – i eit felt der det du lærte for fem år sidan, ikkje så reint sjeldan er utdatert i dag.

Mor og barn

Når vi spør Rutter kva som har vore det viktigaste funnet hans, dreg han fram forskinga på morstilknyting. Den har vore med å endra korleis vi tenker både om born sine behov og kvinner si utdanning.

– John Bowlby (1907–1990) var blitt tolka – og eg vil seia i stor grad mistolka – til å meina at kvinner måtte gje ungane omsorg 24 timar i døgeret. Dette var ikkje godt for kvinnene, men heller ikkje for borna. Kvinner sine karrierar gav dei interessant kunnskap og interesser som var viktig for oppdraginga av born. Så det var ikkje fornuftig å sjå dette som å setta kvinner framom borna eller borna framom kvinner.

– På 1960- og 1970-talet, då du dreiv med forskinga som leidde fram til desse innsiktene, var du då feminist, eller var du bare ein forskar som tilpassa haldningane sine til funna?

– Eg trur det var snakk om kvar funna førte meg. Var eg feminist? Nei, men eg trur eg blei meir av ein feminist etter det, fordi eg blei merksam på den implisitte diskrimineringa som var problematisk for kvinner.

Samfunnet er blitt mykje likare for kvinner og menn. Men bare til ein viss grad, ifølgje Rutter. Ein ting som utan tvil er annleis for kvinner enn for menn, er at biologien og karrieren deira til ein viss grad kolliderer, seier han.

– Sjå på vitskapen. Det viktigaste spranget ditt framover som forskar vil mest sannsynleg skje når du er mellom 30 og 40 år. Vel, det vil seia at om du skal ha born, må du anten få dei før dette, eller du må ta risikoen med å venta til etterpå, når fertiliteten har gått markert ned. Dette er noko menn ikkje treng ta omsyn til, i alle fall ikkje i så stor grad.

I Storbritannia finst det stipendordningar for personar som kjem attende til forskinga. Desse er i stor grad øyremerkt for kvinner, for å vega opp for ulikskapane. Ein har også utvida høvet til deltidsarbeid, fortel Rutter. Men han understrekar at vi i Noreg nok er komne endå lenger, ikkje minst på grunn av gode permisjonsordningar og barnehagar til alle.

– Om du fekk uavgrensa med forskingsmidlar, kor ville du gått, i dag?

– Om eg ikkje måtte ta omsyn til mine eigne evner, ville eg seia: hjernens plastisitet. Hjernen si evne til å respondera og endra seg som følgje av erfaringar er noko som heilt klart finst, men som vi veit veldig lite om. Dette er eit veldig spanande felt, der det blir gjort for lite i dag. Meir forsking på dette vil ha både vitskapleg og praktisk interesse.

MICHAEL RUTTER

  • Britisk pyskolog og psykiater født i 1934
  • Storbritannias første professor i barnepsykiatri, ved Institute of Psychiatry, King’s College, London. Har motteke ei rekke prisar og æresverv, og er nok den einaste i verda som er adla for arbeid med borne si psykiske helse
  • Har forska på skulen og familien sin påverknad på born si åtferd, på autisme, psykologisk epidemiologi og på effektar av alvorleg deprivasjon (the European & Romanian adoptee studies) m.m.
  • Oppteken av samspelet mellom genetiske og psykososiale risikofaktorar. Er ein av hovudpersonane bak resiliensomgrepet
  • Har publisert over 500 vitskaplege artiklar og 40 bøker, mellom andre standardverket Maternal deprivation reassessed (1972)
  • Sit i styringsgruppene for vårt eige Nasjonalt Folkehelseinstitutt sin ADHD-studie og ABC-studien om autisme

 

Høyr heile intervjuet på nettet

Dette er eit utdrag av ein lengre samtale vi hadde med Michael Rutter då han vitja Oslo 1. oktober i år. Klikk her for å høyra ein podcast av heile intervjuet, ganske enkelt ei lydfil du kan lytta til.

I opptaket kan du – i tillegg til det vi har skrive om her – høyra Rutter snakka om:

  • Behovet for utdanning som gjer born og unge i stand til sjølv å søka kunnskap og innsikt
  • Kravet frå styresmakter om å hevda at ein har gjort gjennombrot i forskinga
  • Om å stå på akslene til kjempar
  • Darwin, Newton og genetikk
  • Likestilling
  • Born på sjukehus
  • Kryssord
  • Diagnostisering av psykiske lidingar
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 11, 2012, side 1134-1136

Kommenter denne artikkelen