Du er her

Livet i lys av sjølvmordet

Victoria og Cecilie inngår ei dødspakt etter å ha møtt kvarandre på nettet. Ungjentene blir einige om å reisa til ei hytte i skjergarden og filma alt dei gjer. Opphaldet skal kulminera i fullbyrdinga av pakta. Filmen skal vera deira testamente.

Publisert
5. juli 2011

Venninner: Viktoria Winge (venstre) som Cecilie og Julia Schacht som Victoria i den nye norske spelefilmen Bambieffekten. Foto: Feil Film / Christian Loennechen

To unge suicidale jenter i ei designhytte i audemarka – ein relevant allegori for det å veksa opp i Noreg i dag, meiner filmskaparen Øystein Stene. Under førebuinga til filmen Bambieffekten sendte han skodespelarane til psykolog «i karakter». Begge følgde eit behandlingslaup gjennom ein månad, men eksperimentet måtte avsluttast.

– Det velfungerande, sjølvtilstrekkelege og autonome mennesket er eit blindspor. Dette gjeld også i terapien, dersom dette blir det endelege målet for eit terapeutisk løp

Øystein Stene

– Hadde vi halde fram, kunne vi risikert at dei blei friske, smilar regissør og manusforfattar Øystein Stene.

Eit interessant poeng, tenkjer eg etter å ha sett filmen. For det ligg mykje forteiing og uformulert smerte bak veninnene sitt morbide feriemål. Om det vonde hadde kome opp, kunne mykje vore annleis. Men som gode representantar for tida dei, og vi, lever i, grip Victoria (Julia Schacht ) og Cecilie (Viktoria Winge) til filmkameraet når dei skal skriva sjølvmordsbrevet sitt. Dei tek i bruk eit medium som bokstavleg tala fokuserer på overflata. Kameraet set i scene, det stiller fram, det estetiserer. Tittelen «Bambieffekten» er namnet på eit psykologisk fenomen som gjer at menneske har ein sterk tendens til å føla meir sympati med det som er søtt, pent og vakkert. Som Disney teikna dådyrungen Bambi, freistar Victoria og Cecilie å teikna seg sjølv – dei viser fram og set i scene. Kan henda er dette del av problemet, og ikkje løysinga.

«Si noe som er sant!» kommanderer Cecilie. Victoria er bunde fast til ein stol og sit og vrir seg framom kamera, lenge. Til slutt seier ho: «Jeg vet ikke om jeg klarer det.»

Smitteeffekten: – Eg hadde aldri laga denne filmen om eg hadde trudd den kunne føra til eitt einaste sjølvmord, seier filmskapar Øystein Stene. Foto: Oda Berby

Livsmot og lys

Cecilie: – Du er jo rik. Du kan få alt du peker på.

Victoria: – Det har vel ikke noe å si.

Cecilie: – Hva er det som har noe å si, da?

Ifølgje Øystein Stene er Bambieffekten ein film om å bli vaksen i Noreg i dag, om behovet for å bli sett, og om livsmot. Det var i alle høve dette han og medforfattar Linda Gabrielsen sette seg føre å skriva då dei tok fram tastaturet for snart fem år sidan.

– Vi ville laga ein film med livsmot, ein energisk film, seier han.

Kva er då meir naturleg enn å lata filmen handla om sjølvmord? Det meste, kan henda. Opplagt er det ikkje. Men etter å ha sett filmen sit eg att med ei oppleving av at den eigentleg ikkje handlar så mykje om sjølvmord. For snarare enn å vera eit sentralt tema i og for seg blir sjølvmordet eit skarpt og avslørande lys. Det planlagde endepunktet blir ein lyskastar snudd attende mot livet som framleis faldar seg ut. Slik set det ord og handlingar i relieff.

Problematisk estetisering

Sommaren for fire år sidan skreiv eg om filmen The Bridge her i Tidsskriftet. Dokumentarfilmen vekte oppsikt fordi den viste reelle filmopptak av folk som hoppa frå the Golden Gate Bridge i California – den staden i verda der flest menneske har teke livet sitt. «Sjølvmord synest å invitera til estetisering. Balansen mellom å nytta kunsten til å streka under eit poeng, og å nytta poenget til å få lov å dra fram kunsten, er hårfin. The Bridge tippar ofte over på feil side, fordi den gjev inntrykk av å mangla refleksjon kring si eiga framstilling,» skreiv eg den gongen. Filmen opplevdes manipulerande, sentimental og ikkje så reint lite dødsforherligande.

The Bridge, som er ein dokumentar, nyttar eit fortolkande filmspråk som tilslører. Bambieffekten, som er ein spelefilm, nyttar dokumentariske filmteknikkar som handhalde kamera og ei rammeforteljing om ein film i filmen for å tematisera si eiga potensielle estetisering av sjølvmordet. Ifølgje Stene valde dei slike grep nett for å unngå å hamna i estetiseringsfella. Og grepa har effekt.

Konteksten avgjer

Stene hadde aldri laga denne filmen om han hadde trudd den kunne føra til eitt einaste sjølvmord, seier han. Men Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging takka nei til tilbodet om samarbeid rundt skulevisingar eller anna, fordi karakterane i filmen ope diskuterer alternative måtar å ta livet sitt på. Men Øystein Stene ser annleis på dette.

– Det kjem heilt an på kva for ein narrativ kontekst ein set samtalen inn i, meiner han. Om sjølvmordet blir estetisert eller på anna vis gjort til noko forlokkande, er det problematisk – som i filmen Norwegian Wood (2010), basert på Haruki Murakami si bok med same namn, der ein person tek livet sitt med eksos i ei poetisk scene. Estetiseringa skapar ein mystisk og forlokkande aura. Når Kristoffer Joner sin karakter i Bambieffekten diskuterer den same metoden, heiter det: «Vil du veta om det gjer vondt? Ja, det gjer helvetes vondt! For sjølv om du vil døy, så vil ikkje kroppen din det. Den kjempar imot med alt den har. Vil du veta om du pissar på deg? Ja, du pissar på deg, og du drit på deg.»

– Eg trur det er avgjerande kva språk vi brukar når vi nærmar oss sjølvmordet, understrekar Stene.

Samstundes håpar han at Bambieffekten vil skapa merksemd og avla diskusjon. Då han slo opp «sjølvmord» på heimesida til ein sentral aktør innanfor psykisk helse-feltet, fann han psykisk liding øvst på lista over årsaker.

– Slik skapar vi eit inntrykk av at dette er noko som ikkje vedkjem folk flest, at det tilhøyrer «dei andre».

Men draginga mot dette, sjølvmordet og dødsdrifta, er noko vi alle har i oss, trur Stene. Og det er verken menneskeleg eller terapeutisk sunt å nekta for det.

– Kunne filmen like gjerne handla om to basehopparar?

– Ja, for så vidt. Eller om røykarar. Det handlar om ulike måtar å forhalda seg til dødsdrifta på, og dei kan vera konstruktive eller destruktive.

Det autonome mennesket

Under hytteopphaldet på Tjøme kjem det fram at Cecilie er ramma av ei fæl muskelsjuke som gradvis vil gjera henne meir og meir pleietrengande. Det har sjokkert Stene under testvisingar av filmen å oppleva at mange aksepterer Cecilie sin grunn for å ønskja å ta livet sitt. Dette har sagt han noko han ikkje visste, seier han.

– Slike haldningar veks ut av velferdskulturen vår. Så lenge vi er autonome og sjølvavgrensande og ikkje treng andre for å eksistera, er det greitt. Bare det er eit verdig liv.

Misser vi denne autonomien, blir sjølvmordet for mange eit forståeleg og etisk akseptabelt val. Men dette er å snu ting på hovudet, ifølgje Øystein Stene.

– Det velfungerande, sjølvtilstrekkelege og autonome mennesket er eit blindspor. Dette gjeld også i terapien, dersom dette blir det endelege målet for eit terapeutisk løp, seier regissøren, som sjølv har fått mykje ut av å gå til klassisk psykoanalyse. Om det ikkje har redda livet hans, så har det hjelpt han til større kontakt med verda, seier han. Men han er djupt skeptisk til ein terapeutisk kultur som har som einaste mål å hjelpa individa fram til å bli funksjonelle og operative og ha det bra. Ei slik instrumentell tilnærming gjev lite rom for å nærma seg spørsmålet om meining.

– Eg trur ikkje på konstruktivistiske teoriar som hevdar at vi skal kunna internalisera alt. Det finst alltid ein rest, noko som vi ikkje kan dekka, seier Stene, som er forbausa over kor lite oppteken terapeutar kan vera av dette.

– Kvifor har dei ikkje eit språk for å snakka om Gud, eller om det at vi alle skal døy? spør han.

Som menneske er vi ikkje først og fremst individuelle, vi står primært i relasjonar. Men i eit samfunn som dyrkar individet til det perverterte, blir sjølvmordet eit mogleg val. Der blir det òg mogleg å legalisera sjølvmord, noko han trur vi vil få oppleva også her til lands.

Overflatisk: Cecilie og Victoria grip til filmkameraet når dei skal skriva sjølvmordsbrevet sitt – dei viser fram og set i scene. Kan henda er dette del av problemet, og ikkje løysinga. Foto: Feil Film/Christian Loennechen

På vegne av mange

– Sjølvmordet er alt anna enn eit personleg val, understrekar Filmskaparen. I filmen, der jentene snakkar til kamera med tanke på at foreldra skal sjå filmen etterpå, går vi som sjåarar inn i rolla som foreldra. Stene håpar filmen slik kan få fram at sjølvmordet alltid er eit val på vegne av mange, mellom andre dei som blir att.

I ei scene har Cecilie gått ut i vinden. Det er sein kveld eller sommarnatt, men kameralyset rekk ein tre–fire meter. Først set ho seg ned like framom kameraet. Ho vil filma ei helsing til far sin frå den andre sida, fortelja han kor glad ho er i han. «Jeg har hatt verdens beste pappa,» seier ho. Andletet hennar er nakent. I eit sekund sårbart, unnvikande, i det neste sterk og tilgjengeleg. Men alltid rett på. Ho òg ser i linsa og vil fortelja far sin kvifor ho måtte, kvifor dette var den einaste løysinga. Ho freistar å smila. Men det går ikkje. Ho freistar å vera ærleg, men det blir for vondt. Ho freistar å ty til brokkar av samtida sin positivistiske meistringsideologi: «Nå må du tenke positivt og konstruktivt, pappa.» Men trur ikkje på det sjølv eingong. Til slutt går ho eit par meter frå kameraet, så det fangar henne i heilfigur. Der dansar ho ein keitete, umotivert dans. Eller det er ein pantomime, med rørsler som freistar å formidla den for henne påtrengande konkrete, men likevel så heilt uhandgripelege smerta. Bodskapen er i beste fall uklar. Så går ho fram til kameraet og skrur det av, med eit tilfreds lite smil på det altfor tilgjengelege andletet.

Må snakkast om

I eit samfunn der alt er opp til den enkelte, blir til slutt også døden eit val ein står ansvarleg for sjølv. Vil du døy, eller vil du leva? Det er opp til deg.

Victoria: – Tviler du?

Cecilie: – Jeg tviler mer på å la være, egentlig.

Filmen viser kor små marginane kan vera. Øystein Stene er overtydd om at kunstuttrykk er viktige når vi som samfunn skal nærma oss fenomenet sjølvmord.

Eg trur det er farlig å lata psykologar og andre ekspertar legga beslag på samtalen om meining, dødsdrift og sjølvmord. Det må snakkast om i kunsten, filmen og litteraturen òg, på måtar terapien ikkje kan, understrekar han.

BAMBIEFFEKTEN

  • Norsk spelefilm av Øystein Stene (regi og manus) og Linda Gabrielsen (manus), Ravn Wikhaug og Johan Kaos (produsentar) og Europafilm (distribusjon)
  • Medverkande: Viktoria Winge, Julia Schacht, Kim S. Falck-Jørgensen, Kristoffer Joner, Knut Joner, Ane Dahl Torp
  • Premiere 29. juli i 25 norske byar
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 7, 2011, side 664-666

Kommenter denne artikkelen