Du er her
Kvifor eg vart så glad i ungdommane på senteret
Som ung mann var forfattar og journalist Erling Lægreid (1939–2011) sivilarbeidar på Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri (SSBU), ein institusjon i Oslo som tok imot ungdommar frå heile landet. «Eg har lurt på kven eg ville blitt dersom eg ikkje hadde jobba på SSBU», skreiv Lægreid fleire tiår seinare.
Denne teksten har tidligere stått på trykk i monografien Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri. Utvikling ? forvikling ? avvikling (2012).
Eg har ofte tenkt på kva som kunne ha skjedd med meg dersom foreldra mine hadde slått meg som barn. Det var eit presserande spørsmål då eg jobba på SS BU [Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri, vår anm]. Eg har også tenkt på kva som hadde skjedd med meg dersom far min ikkje hadde blitt sint kvar einaste gong vi snakka stygt om andre, særleg dei med liten bagasje. Og eg har tenkt på kva som hadde skjedd med meg dersom eg ikkje hadde jobba i råjernsverket i Årdal, den skitnaste og farlegaste arbeidsplassen i landet. To år før omkom to mann i ein eksplosjon. Alt skrangla og gjekk. Men eg var atten år og skulle tena pengar og vera vaksen kar. Eg møtte opp i tøysko! Første jobben var å fylla sagmugg i sekker frå ein djup container. Det var ein jævlig jobb, men eg ville visa meg fram. Sekkehaugen voks, i lunchen spela vi casino og lo mykje. Kasseraren i fagforeininga varsla kontingent, kontant på fredagane. Eg kjende meg endå meir vaksen. Då dagen var slutt, hadde eg eit sekkeberg bak meg, og formannen kom for å kontrollera akkorden. I staden for å skryta av meg, skjelte han meg ut. Eg hadde brote alle akkordar, så mykje skulle vi ikkje arbeida! Du er ung og sterk, sa han, men du skal berre vera her ei kort stund. Vi andre skal kanskje vera her livet ut. Dersom vi hadde jobba like hardt som du har gjort i dag, ville vi vore utslitne om få år. Vi kan ikkje leva slik. Forstår du det?
På ein stor arbeidsplass er det alltid nokon som fell utanfor, det kan vera nerver eller alkohol. Når slikt skjedde ein dag, sende vi vedkommande heim og fordelte akkorden hans på resten av skiftet. Slik kunne det gå i mange dagar. Då gjekk vi heim til han og snakka med han. Det hende at eg vart sendt for å snakka med kona hans, for eg var så vant med kvinnfolk. Men til slutt kunne fråværet ikkje skjulast. Då reiste arbeidskameratane ei skjoldborg kring han og gjorde alt for å få han tilbake. Var skaden så stor at han ikkje lenger kunne utføra arbeidet sitt, vart han sett til å sopa golv, levera ut reiskap frå ei lita bu eller gå ærend. Han fekk tariffløn og vart snakka til som alle andre. Sprakk han, følgde vi han heim og venta han tilbake etter nokre dagar. Og han kom.
Slik vart den skitnaste arbeidsplassen i landet, ein god stad å vera. Eg hadde aldri ledd så mykje i mitt liv. I tillegg var eg eit gagns menneske. Eg skrytte på meg litt kvinnetekke. Grunnen var at eg voks opp med fem eldre systrer og tre ugifte tanter innan ein radius på ti meter. Eg var ein attpåklatt og gjekk frå fang til fang. Systrene mine hadde venninner og vi hadde budeier, bakstedeier og andre kvinner som jobba hjå oss. Eg hadde attpå til ei snill mor. Ho pressa alltid musikkuniformen min natta før, slik at eg hadde fuktige klede og fraus som ein hund grytidleg på 1.mai og 17.mai då flagga vart heiste. Eg tykte det var rart.
Eg har alltid tykt at kvinnfolk er rare. Framleis blir eg blank i auga av forundring over korleis dei styra med håret sitt. Og at dei snakka så mykje og lo so mykje og hadde så god tid. Eg likte godt å vera i lag med kvinnfolk, både store og små. Eg likte ikkje gutar på min eigen alder. Dei skulle alltid konkurrera. Når eg gjekk ut for å pissa, kom det alltid ti-tolv gutar som skulle pissa lenger enn eg. Men eg likte godt vaksne mannfolk, dei gjekk det ann å prata med. Dei likte historiene mine. Eg hadde ei tante, tårene rann alltid på henne når ho lo. Og det hende ho kviskra, ljug litt meir til meg vetle Erling. Eg er nemleg ein stor tilhengjar av løgner, utan løgner finst det ikkje kjærleik i livet. Alle alvorlege sanningssøkjarar er terroristar.
Eg har også lurt på kven eg ville ha blitt dersom eg ikkje hadde jobba på SS BU i over eit og eit halvt år. Eg var militærnektar, eg nekta å la ein sersjant eller ein politikar bestemme om eg skulle bli drapsmann. Eg veit heller ikkje kvifor eg hamna på SS BU. Men eg hadde trådar til Husebygrenda og eg kjende Ola Raknes. Eg var oppteken av ny pedagogikk, Summerhill og kibbutzskulen. Kanskje hadde nokon visst det.
Men det var naturleg at eg på SS BU vart plassert på jenteobsen (observasjonsavdelinga for jenter). For eg var ikkje redd jenter. Jenter var jenter også på SS BU. Og det viktigaste i livet er å få jenter til å le. Sjølv når eg møtte ein vegg av sorg. Eg har mange feil, ein er å vera opp og ned i humøret. Var eg sur, så var eg sur. Eg oppdaga snart at jentene vart aggressive og redde når eg var sur. Dei trudde sjølvsagt at det var deira skuld. Så eg varsla dei. I dag er eg sur og forbanna, sa eg, så det er best å vera forsiktig elles skal fan ta dykk. Det likte dei. Og dei spurte alltid kvifor eg var sur og eg sa som sant var at det visste eg ikkje. Eg berre vakna i dag og var jævla sur. Og då lurte dei på om det hadde noko med kjæresteri å gjera, nei eg er vel skapt slik, sa eg kanskje.
Det var sjølvsagt eit sjokk å oppdaga kor jævlig dei hadde det. Og eg var redd eg ikkje ville orka å møta alle desse veggene av sorg. Men samstundes oppdaga eg at dei var som jenter flest. At dei var normale! Ja, eg tenkte så langt at det er desse jentene som er normale, ikkje desse jentene eg hadde møtt på lesesalar og danseplassar. Innpakka som dei var i konvensjonar og hykleri. Jentene her smilte ikkje forsagt når dei hadde det vondt, dei hylte og slo. Slik alle burde gjera. Men når dei opna seg for meg så vart eg heilt svarlaus. Det var svartare enn natta. Av mishandling og overgrep og perversitet. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera og korleis eg skulle reagera. Eg visste ikkje korleis eg ville tola alle desse konfrontasjonane med kaos og undergang. Eg valde å halda fast på normaliteten. Slik er dette livet og desse jentene er mine venninner. Ein gong rømde ei jente, eg fann henne igjen inne i skogen. Eg sa at alt skulle nok bli bra, men ho fortalde meg kvifor det ikkje kunne gå bra. Ikkje så lenge etterpå hadde ho teke livet av seg. Men eg heldt fast på at ho var ei normal og vanleg jente, ho kunne berre ikkje overleva i det kaoset nokon hadde kasta henne ut i. Og eg skjønte at ingen kunne ha berga henne, for det måtte eg tru på.
På denne tida køyrde Arne Skouen sin hatkampanje mot terapien og særleg mot bruk av tvangsmiddel. Sjølv sat eg nattevakt på isolatet og heldt jentene mine i handa. Det var det eg kunne gjera og eg trudde at det betydde noko for dei. Ro, kanskje.
På same tid var eg blitt venn med Olav H. Hauge, diktaren og gartnaren frå Ulvik. Han var blitt tvangsinnlagt fleire gonger og skreiv dikt frå isolatet der han låg i tvangstrøye. Til dømes diktet «Ved Kinas dør». Til meg fortalde han at tida på isolatet ikkje var det verste, han kjende seg trygg og lykkeleg der. Fordi han ikkje kunne skada verken seg sjølv eller andre. Bunden låg han og let tankane sviva fritt. Og han tenkte at det går an å leva i kvardagen også, steikja flesk og lesa kinesiske dikt. Vi snakka om Arne Skouen og vi meinte han var hysterisk og var til skade. Olav H. heldt på sin rasjonalitet hele vegen igjennom. Og hadde eit godt forhold til terapeutane. Men han var også ein lang og tynn mann som stod i eit hjørne av luftegarden på Valen og tenkte:
Eg stend eg, seddu Eg stod her i fjor og eg, seddu Eg kjem til å stå her eg, seddu Eg tek det eg, seddu Du veit ikkje noko du, seddu Du er nyss komen du, seddu Kor lenge skal med stå her? Me fær vel eta, seddu Eg stend når eg et og eg, seddu Og kastar fatet i veggen Me fær vel kvila, seddu Me fær vel sova, seddu Me fær vel pissa og skita og, seddu Kor lenge skal me stå her? Eg stend eg, seddu Eg tek det eg, seddu Eg kjem til å stå her, eg, seddu
Jan Erik Vold meinte vi burde erstatta «Ja, vi elsker» med dette diktet. Då visste han lite om den lange magre mannen i luftegarden. Men likevel, ideen er god.
I tillegg meinte eg at Olav H. var like sunn og normal som jentene mine på obs’en. Han og dei var ein del av naturen. Og naturen er alltid vakker og spennande. Noko vi kan elska.
Var det kjærleik jentene mine sakna? Det tenkte eg mykje på. Kunne eg ha elska dei bort frå denne veggen av sorg som stengde dei ute? Kunne eg ha teke dei på fanget og rugga dei i søvn når ulvane reiv dei i kjøtet? Slik tenkte sikkert mange av oss som jobba her, men vi visste også at det var ein illusjon.
Eg lo mykje då eg jobba på den skitnaste og jævligaste arbeidsplassen i landet. Fordi arbeidskameratane og solidariteten gjorde livet verdt å leva.
Men eg har aldri ledd så mykje som på SS BU. Eg skjønar det ikkje, var det ein overlevingsmekanisme? Eller var det fordi desse jentene mine var så forbløffande skarpsynte og likevel fulle av varme i kaoset sitt? At dei hadde evna til å stansa og avsløra mekaniske handlingar som er sjølve grunnlaget i all ekte latter? Var det derfor eg beundra dei så djupt? For det gjorde eg, eg som hadde gått frå fang til fang i heile mitt liv. Og tenkte at dersom eg hadde hatt andre foreldre så kunne eg ha hamna på gutteobsen. At eg kunne ha drepe onkelen min og knivstokke bestevennen min.
Burde vi ha stilt opp ei skjoldborg for jentene? Kunne vi ha tatt dei inn i våre liv og i varmen på arbeidsplassane våre? Kunne vi ha lært oss til å sjå på dei som vanlege medmenneske og ikkje som kasus? Spørsmåla vart for tunge å svara på. Så eg lo i lag med dei. Det var eit fellesskap det også, som gjorde det bittelitt lettare å leva.
Eg hadde ei jente som aldri opna munnen, tennene hennar var pill rotne, ho var tynn, lang og stygg og lukka. På gutteobsen var det ein bitteliten rund og alltid smilande gut med eit rart og skeivt andlet. Ein umulius. Desse to vart glade i kvarandre. Dei rømte i lag! Eg har sjeldan vore så glad. Kjærleiken sigra på alle frontar! Eg slutta på SS BU og med vilje spurte eg ikkje korleis det hadde gått med dei. Så det veit eg ikkje. Eg ville ikkje vita. Men eg visste at etter få år var dei fleste av jentene mine døde.
Då eg slutta var eg veteran på avdelinga. At det gjekk nokonlunde bra med meg skuldast at eg var stor og sterk. Eg kunne halda jentene mine fast. Så kunne dei kjenna seg trygge. Men mine fem eldre systrer og tre ugifte tanter hadde kanskje gitt meg så mykje maskulin angst at eg kunne oppføra meg som ein mann. Eg veit ikkje.
Kommenter denne artikkelen