Du er her
Barn i ulike kulturar – kva kan vi læra? Med Åse Gruda Skard som vegvisar
Ofte overser vi at vi har noko å læra av andre kulturar med andre former for barneoppseding. Då mister vi ikkje berre rikdomen i dei mange kulturformene som finst i verda. Vi let gå frå oss ein unik sjanse til å skjøna vår eigen kultur betre og drøfta kva slag barndom vi helst vil at barna våre skal ha.
Torild Skard er dotter av Åse Gruda Skard. Ho har mellom anna vore lagtingspresident i Stortinget, direktør for kvinnespørsmål i UNESCO og regionaldirektør for UNICEF i Vest- og Sentral-Afrika.
Fotografia i artikkelen er private, og er tidlegare publiserte i Åsa Gruda Skard sin sjølvbiografi, utgjeven på Gyldendal i 1986.
Ei ny verd
Da ho var ganske ung, vart Åse Gruda Skard glødande interessert i ulike kulturar. Det byrja da ho fekk vera med foreldra på reise eit halvt år til Italia i 1925. Da var ho 19 år gamal. Det var ikkje kvardagskost å fara utanlands på den tida, og det var ei uvanleg ferd familien la ut på. Faren, historikaren Halvdan Koht, hadde fått stipend for å studera renessansen, og dei reiste Italia rundt: frå Napoli, Milano og Roma til Siena, Verona og Firenze, Venedig, Ostia og Pompeii. Alle stader var faren ein allvitande cicerone, medan mora, Karen Grude Koht, gav innblikk i kunst og kultur. Åse hadde førebudd seg eit halvt år i forvegen, men ingen TV kunne gi ho ein forsmak av kva som var i vente. Den inntrykksvare ungjenta vart heilt bergteken av det ho såg: Den veldige kunsten i musé og kyrkjer, konsertar og teater, den sydlandske sola og dei varme menneska. Det var ei heilt ny verd, «ei verd som står høgre enn noko eg før har sett eller tenkt», skreiv ho i dagboka si. For første gong opplevde ho korleis gleda kunne stråle ut og ho sjølv kunne åpne seg mot andre. Ho tykte reisa sette merke for livet og gjorde henne til eit anna menneske.
Domkyrkje og hønsegard
Når høvet baud seg, drog Åse ut på nytt. I 1928–29 studerte ho psykologi og kunsthistorie i Paris. Ho levde i eit internasjonalt miljø og oppdaga skilnader mellom folk frå ulike delar av verda. Ho undersøkte franske gutar og jenter med blekkflekktestar og sette seg inn i fransk språk, kultur og sivilisasjon. Ho saug inn inntrykk med heile kroppen, som ho sa, og byrja særleg å «samla på kyrkjer». At ho sjølv ikkje var truande kristen, gjorde henne ikkje mindre open for den religiøse bodskapen og venleiksopenberringane i dei mange mellomalderkyrkjene. Ho vitja katedralen i Chartres om att og om att, og Notre Dame vart «soknekyrkja» som ho og seinare ektemannen Sigmund gjesta så lenge dei levde. I 1931–32 gjekk turen vidare til USA, til Radcliffe College, Yale universitet og Smith College. Nå hadde psykologiinteressene fått meir mål og retning, men heller ikkje her kunne ho vera nøgd berre med vitskapelege studiar. Ho reiste så mykje ho kunne med alle sansar opne og hjernen i spenn. Ho oppsøkte førarane i psykologifaget, vitja «child guidance»-klinikkar og metalhygienisk arbeid ved skolane, gjekk på musé og konsertar, såg på kunst og teater. Ho fekk koma heim til folk, vart kjent med betydelege menneske og fekk her som i Frankrike livslange, nære vener. I 1935 gjekk så turen til Storbritannia der granskingar av seksuallivet i ein hønsegard i Mancester veksla med turar til domkyrkja i Chester.
Krigsåra
I 1939 fekk Åse stipend på det vilkår at forskinga skulle vera i eit anna land enn hennar eige. Ho valde Sverige og var i full gang med å granska barna i ei skuleklasse i Stockholm da verdskrigen brått slo inn og endra alt. Ut av kaoset kom avgjerda om å dra til USA, heile familien vår med mor og far og fire små barn. Det vart ei ufatteleg strevsam ferd med fly til Moskva, den transsibirske jernbanen til Vladivostok, båt til Japan og deretter over Stillehavet via Panama-kanalen til New York. Men midt i alt strevet, uroa for Europa og angsten for krig vart vitelysta til Åse ikkje borte. Da familien vart forsinka ein månad i Yokohama, gav ho seg straks til å vitja musé, teater og tempel og observera japanske barn i kvardag og leik. Dei første spørsmåla tok til å forma seg om korleis barn vert oppseda på ulike måtar i ulike kulturar.
Under krigsåra i USA kravde innsatsen for Noreg det meste av tid og krefter, men Åse fekk og arbeida i ein barnehage der hun kunne undersøkje barna og samtala med mødrene. Hennar eigne barn gjekk på amerikansk skule, og da ho kom attende til Noreg, skreiv ho om daglegliv i ein vanleg amerikansk folkeskule (Norsk pedagogisk årbok 1946–47).
Einskap – og skilnader
Oppseding og kultur kom i fokus etter andre verdskrigen. «Det hastar med alt arbeid for internasjonal samkjensle,» skreiv Åse i 1949. «Det gjeld å bygge opp ei så sterk kjensle for einskapen i verda at den neste krigen ikkje kjem.» Ho gjekk med glede inn i arbeidet til UNESCO og leia eit internasjonalt seminar i 1948 der folk frå ulike nasjonar skulle utfors-ke saman korleis ein skulle nå fram til kjenslemogne barn med kunnskap om andre slik at menneska overalt på jorda fekk ein verkeleg «world-mindedness». Seminaret vart halde i Tjekkoslovakia midt under den kommunistiske makt-overtakinga, noko som kasta eit særleg lys over behovet for «world-mindedness» (Norsk Pedagogisk Tidskrift 1/1949).
Åse vart stadig meir oppteken av barn i andre kulturar. Korleis vert barn oppseda, og kva fører oppsedinga til? Ved å granske menneska i ulike kulturformer kan ein finna fram til kva som er ålmennmenneskeleg – og kva som ikkje er det. Ein kan læra mykje om barn og deira utvikling: om kva som har verknad på dei, om korleis dei blir forma og utviklar seg, og om resultatet av påverknader på den vaksne personlegdomen. Ein kan få innblikk i kor mangeleis det er mogeleg å behandle barn, og kor mange mogelege variasjonar det finst i mennesket. «Byrjar vi røkje etter korleis barn blir behandla og utviklar seg i andre land og andre kulturformer, er det mest eit sjokk,» skriv Åse i artikkelen Barn i ulike kulturar. «Å oppleve at så mykje av det vi trudde var naturleg og måtte vera slik, det er ikkje slik andre stader i verda. Og likevel veks barn opp og blir friske og jamvel glade, kanskje gladare enn vi, om dei så ikkje får noko av det vi meiner er ‘best’ for dei.» (Barn i ulike kulturar, Festskrift for B. Ribsskog, Oslo, 1953).
Det vart mange spørsmål om korleis ulike kulturar er, og korleis dei skil seg frå kvarandre, korleis samanhengen er mellom ymse sider av ein kulturform og kontinuiteten i kulturen. Åse meinte det var særleg forvitneleg å røkja etter korleis barna i den tidlege barndomen blir bundi til eit einskilt menneske, nemleg si eiga mor, eller om dei får like mykje omsut av fleire. Med undring såg ho korleis «maskulint» og «feminint», tilhøva mellom kjønna, rangordning og arbeidsdeling varierer frå folk til folk. Og hun stilte spørsmål om kva som er rosverdig, og kva som blir sett på som problemåtferd i ulike kulturar. Kva er normer i kulturen, på kva alderssteg set dei ulike krava frå kulturen inn overfor barna, korleis reagerer vaksne når barn gjer noko «bra» eller «gale», og kva for verkemiddel nyttar dei til å oppseda den nye generasjonen?
Lærdom frå andre
Psykologien ga ikkje alltid svar. Men det var ikkje mykje fagarroganse hos Åse. Ho henta kunnskap der ho kunne finna han, gjekk gjerne ut over faggrensene og fekk hjelp mellom anna av antropologar som Ruth Benedict og Margaret Mead. Den innsikt dei gav om tilhøve som var svært ulike våre eigne, var spanande i seg sjølv, men kunnskapen kasta og lys over vår eigen kultur. Korleis er vi blitt slik vi er, og kan vi gjera ting annleis? Åse let seg ikkje avgrensa av førestillingar om «primitive» og «høgare» kulturar. Ho hadde lite hovmod på vegne av sin eigen kultur og møtte framande folk med audmjukskap og respekt. Navajo- og hopi-indianarar, samar og trobriandarar, tyskarar og russarar – alle var interessante og kunne læra oss noko (Barn i ulike kulturer).
Dei mest konkrete spørsmåla stilte Åse da ho kom til Bangkok i 1958. Det var vatn overalt, og barna var oppe av og nedi vatnet, under vatn og over vatn. Dei symde like tidleg som dei kunne gå, og kraup opp av vatnet inn i husa og uti vatnet igjen. Utan klede rørte barna seg fritt. Lufta, vatnet, vinden, tinga, andre menneske – alt rørte ved huda direkte. Barna kunne kjenne sin eigen og andres kropp og sjå korleis dei var skapt. Kva verknad har det mon, undrast Åse, at vi i Norden alltid har klede på, blir isolert frå andre og kan henda blir «oss sjølv nok»? I Bangkok vart småbarna bori ikring heile tida, på hofta til mor eller far, storesøster eller storebror. Når dei tok til å bevega seg rundt, var dei aldri utanfor oppsynet til foreldra. Husa var bygd på stolpar med vegger tynne som papp. Medan dei arbeidde, kunne foreldra sjå og høyra barna, og barna kunne uhindra koma inn for hjelp, trøyst, mat eller kva det måtte vera. Kva tyder det med alle dei veggene vi har i Norden? spør barnepsykologen. Veggene deler verda i to: «inne» og «ute». Blir Bangkok-barna tillitsfulle fordi dei så lett kan koma inn i mors famn, medan våre barn blir sjølvstendige og lærer å greie seg sjølve, fordi det er så mykje vanskelegare å få hjelp? (Barn i Bangkok – og hos oss, Samtiden 1968/59).
Og Åse gjekk vidare: Folk i Thailand var umåteleg venlege og elskverdige, gjestfrie og hjelpsame, gavmilde og sjarmerande. Samstundes vart det ofte nemnt at dei var lite effektive. Dei laga mange planar, men fekk ikkje sett særleg mange av dei ut i livet. Thaiane var heller ikkje særleg vitelystne. Det var viktigare å skapa venleik i livet, i kunst og religion, enn å driva med vitskap. Kvifor er dei slik, ville Åse gjerne vita. Vert menneska ulike fordi dei tilhøyrer ulike rasar? Fordi klimaet er annleis? Fordi historie og tradisjonar er forskjellige? Eller fordi dei blir behandla og utviklar seg på ulike måtar? Er det oppsedinga av barna som gjer at dei vaksne blir tillitsfulle, effektive, artistiske, glade – eller? Korleis verkar i det heile barnelivet inn på vaksenlivet?
Behov for meir forsking
Åse etterlyste meir forsking på feltet, men fortel at andre psykologar synte lite interesse. Kan hende det var fordi dei var menn, kommenterar ho i sjølvbiografien sin. Ofte melde spørsmålet seg for henne om ikkje kvinner og menn såg, eller i det minste merka seg, ulike problem og ulike «data», spesielt i utvik-lingspsykologien. Ho er og inne på at reisinga og dei rike litteraturstudia hennar gjorde at ulikskapane i kultur stod særleg tydeleg fram for henne (Fulle hender, Gyldendal, 1986, s. 367).
Åse kom sjølv ikkje til å forska på barn i andre kulturar. Hennar viktigaste tilskott til kunnskapen om barns oppvekstvilkår tok for seg korleis barn voks opp i norsk miljø og vart merkte av det. Men andre fagfolk gjennomførte etter kvart undersøkingar av barn og barns kår i forskjellige land. UNESCO, UNICEF og private organisasjonar som Redd Barna arbeidde med barn over heile kloden og gjorde røyndomen deira til felleseige internasjonalt. Det vart og stadig meir vanleg at folk, særleg frå dei rike industrilanda, reiste til fjerne land og massemedia formidla inntrykk og informasjon frå heile verda.
Barn må få vera barn
Åse fekk ei ny jordomseiling i 1967 som leiar for den internasjonale organisasjonen for førskuleutdanning, OMEP. Ho vitja Egypt, Irak og Iran, Pakistan, India og Singapore, Australia, Ny Zealand, Hawaii og Meksiko, og fekk for alvor sjå skilnadene mellom fattige og rike land og fattige og rike menneske innanfor kvart land. Inntrykka av armod og sjukdom, analfabetisme og vanstell var nære og brutale og gav arbeidet for barn ein vidare dimensjon. Det måtte vera ei grunnleggjande oppgåve å halde barn i live under førskulealderen. Men kor naudsynt dette enn var, kunne det for Åse aldri vera tilstrekkeleg. Barna måtte og få vera barn, få utvikla evner og kjensler i pakt med alder og mogning og få utfalda seg i samsvar med eigen kultur. Det var difor ikkje tilfeldig at ein barneheim i Meksiko rysta Åse under reisa. Det var ein stor heim med svært få vaksne til å ta seg av barna. Utstyr fanst mest ikkje. Ein stor guteflokk i treårsalderen hadde ikkje ei einaste leike. Dei flokka seg kring den framande gjesten, hengde seg fast i fotoapparatet og greip så hardt at knokane deira kvitna. Åse grov fram or veska nokre tomme filmrullar og slikt, og barna kasta seg over dei slik at det var vondt å sjå. Desto meir gledde barnepsykologen seg da ho møtte maoriar i Ny Zealand og dei helsa henne etter sitt eige ritual på maorimål, og barna dansa tradisjonelle haka-dansar og song på morsmålet. Det var ikkje lett å hevda ei tradisjonsrik og særmerkt livsform i eit land som Ny Zealand, prega av moderne vestleg kultur, men styresmaktene la i alle fall vinn på å respektere og verdsetje maorikulturen.
Hjelpearbeidet for svakt stilte barn, særleg i fattige land, har etter kvart vorti omfattande, jamvel om det har vori vanskeleg å auka engasjementet for barn og mange stadig lever i naud. Men i 2000 sette FN krava om betre helse for mor og barn saman med grunnskule for alle øvst på den internasjonale dagsorden. Etter at barnekonvensjonen vart vedteki, har og barns rettar fått større vekt, og det har komi sterkare fokus på behovet for beskyttelse av barn og retten barn har til å høyrast.
Spørsmål utan svar
Trass i engasjement og innsats er likevel mange av dei spørsmåla Åse stilte om oppsedinga av barn i ulike kulturar, stadig utan svar eller svara er stykkevise og ufullstendige. I strevet etter å imøtekomme allmenne grunnleggjande behov hos barn har den kulturelle kontekst dei lever i, ofte komi i bakgrunnen. Fokus på brott på barns rettar av folk i og frå utviklingsland har medverka til å skapa inntrykk av at kulturane her er mindre verd og til dels forkastelege.
Kvar har vitelysta om barn i ulike kulturar vorti av og vekta på heilskapen i kvar kultur med «positive» likesåvel som «negative» trekk? Ofte gløymer vi at vi for å forstå andre menneske lyt sjå dei på bakgrunn av og i samanheng med den kulturen dei har. Vi overser at vi har noko å læra av andre kulturar med andre former for barneoppseding og vil nødig erkjenne at vår kulturform ikkje nødvendigvis er den «rette» eller den «beste» på alle måtar. Men med det mister vi ikkje berre rikdomen i dei mange kulturformene som finst i verda. Vi risikerer i uvett og vanvare å svekkja eller til og med medverka til å øydeleggje dei. Og vi let gå frå oss den sjansen dei gir til å skjøna vår eigen kultur på ein ny måte og drøfta korleis vi i grunnen helst vil vera: kva slag barndom og oppseding vi helst vil at barna våre skal ha, og kva slag personlegdom vi gjerne vil fremje hos dei vaksne?
Med dei omsorgsproblem mange menneske opplever i våre vestlege land i dag, og dei vanskar mange barn og unge har med å finna fram til meiningsfylte og konstruktive liv, er det all grunn til å styrkje studiet av barn i ulike kulturar ut frå dei problemstillingane Åse Gruda Skard reiste og den tilnærminga ho hadde til andre så vel som sin eigen kultur.
Kommenter denne artikkelen