Du er her

Personvernproblem knytt til kjeldebruk i biografiar

I arbeid med biografiar kan personvernproblem lett dukka opp. Dei vart påtrengjande for meg då eg skreiv biografi om den høgt respekterte litteraturkritikaren og lyrikaren Ragnvald Skrede. Eg kan godt forstå om min biografi har rørt ved sår hos menneske som lever, men eg trur ikkje eg har krenkt nokon.

Publisert
1. juni 2005

Skrede som ung mann, året er ukjend. Arkivbilde Samlaget.

Bygd på eit innlegg halde i Det Norske Videnskabs-Akademi, 18.11.2004. Otto Hageberg, f. 1936, er professor i nordisk litteratur, og har m.a. skrive Fordboden kjærleik. Spenningsmønster i Olav Duuns dikting, Oslo 1996.

Boka kom ut i 2003 og fekk tittelen Svidd sjel. Ein biografi om Ragnvald Skrede. Eg kunne i utgangspunktet også byggja på mykje ukontroversielt stoff; Skrede var litteraturkritikar i meir enn tjue år; først i Verdens Gang (1945–1953), så Dagbladet (1953–1967), og han skreiv inn på 2000 meldingar og artiklar desse åra. Han debuterte sjølv som lyrikar i 1949, og i åra fram til 1975 gav han ut i alt tolv diktsamlingar; i si samtid vart han rekna mellom dei fremste lyrikarane i landet. Men i arbeidet med biografien kunne eg sjølvsagt ikkje nøya meg med å bruka berre desse skriftlege dokumenta som einaste kjelda om livet hans. Før han kom i den posisjonen at han fekk ein heidersplass i den offentlege litterære verda, var han straffedømd for utuktige handlingar han sjølv hevda at han ikkje hadde utført, og han var for livet merkt av ei rettssak som er av den art at det framleies ikkje er uproblematisk å omtala saka. Dommen mot han innebar samstundes at rettsstaten tilkjende unge jenter som hadde bore fram skuldingar mot han, status som offer, og krenkte offer har krav på vern, også meir enn 60 år etter at dom fall. Her har biografen eit dilemma.

Dramatiske kjelder

Ragnvald Skredes liv, og hans slektsbakgrunn, var dramatisk, inn til det groteske, eg skal ikkje gå inn på alle detaljar her. Her er stoff ikkje berre for den som skriv lyrikkhistorie og kritikkhistorie, men for mediehistorikaren så vel som rettshistorikaren, skulehistorikaren og mentalitetshistorikaren, og reint særleg for den som vil skriva om konflikten mellom ytringsfridom og personvern. Å velja å skriva ein biografi om Skrede er å velja å gå inn på eit felt der ulike personar kan kjenna seg krenkte. Kjelder er det altså nok av, også opne kjelder som aviser og rettsdokument som er så gamle at dei utan vidare er fristilte. Men her er samstundes ein konfliktfylt kombinasjon mellom heilt opne kjelder og rettsdokument som enno er underkasta restriksjonar; det gjeld rettssaka frå 1936 då Ragnvald Skrede i lagmannsretten på Gjøvik vart dømd for utuktige handlingar mot unge jenter. To av dei lever enno. Det var grove skuldingar som var retta mot han. Han vart dømd, både for utukt og for at han som lærar hadde halde to timars undervisning i forplantingslære i sjuande klasse i 1935, samla klasse. Det var ulovleg og i alle fall i strid med reglementet. Han provoserte retten sterkt med å seia at han var stolt over at han hadde halde dei timane, og at han var på parti med framtida i så måte. Ingen ting av det han elles var skulda for, hadde han gjort, sa han. Han vedtok dommen, men kravde ny lagmannsrettssak. Det vart avvist av retten etter lang ventetid, og kjæremålsutvalet i Høgsterett slutta seg til det. Han sona ferdig; med normal avkorting av straffa på tre år kom han ut frå Botsfengslet i juli 1938, men den delen av dommen som gjekk på tap av statsborgarrettar i ti år, var enno ikkje over då han vart tilsett som medarbeidar i den nyskipa avisa Verdens Gang i 1945.

Alle dokument som lagmannsretten hadde å byggja på i 1936 finst, men kan ikkje brukast fritt. I ei sak av dette slaget som endar med dom, finst det offer, krenkte personar, som har krav på rettsvern, og det rettsvernet er der også om den domfelte held fast på si uskuld. Men ein biografi om ein som har vore involvert i ei slik sak, er verdlaus om ein let vera å orientera om alle momenta, også dei som eventuelt styrkjer den dømdes påstand om å vera utan skuld. I dette tilfellet veit vi elles at juryen på ti var delt i skuldspørsmålet; det var sju mot tre. Ein biograf kan ikkje forteia slikt, men kan like lite laga ny sak. Dom har falle, er rettskraftig og er sona og er del av vår historie. Men ein biograf må sjå og vurdera dei dokumenta som finst i saka.

For ein biograf kan kvar setning vera eit etisk val. Og det finst grenser, uavhengig av jus

Den sakkyndige som avgjerande instans

Somme dokument har prosesshistorisk og rettshistorisk særleg interesse. Det er såleis ikkje tvil hos meg – og heller ikkje hos pressefolk i samtida – om at den som mest kom til å avgjera juryens votum i Skrede-saka i 1936, var dr. Gabriel Langfeldt, som statsadvokat Sverre Riisnæs hadde insistert på å få som einaste sakkyndige til å sitja i retten og vurdera kor truverdige aktors vitne var. Langfeldts vitneprov i den samanhengen finst som tekst. Noko av det som gjer teksten interessant, er at Langfeldt ikkje i det heile møtte vitna på anna vis enn i retten, og i si vurdering byggjer han mest på politiforklaringa som var teken opp seks månader før rettssaka og på samtalar med politikonstabelen frå Sedelighetspolitiet i Oslo som hadde gjort avhøyr, og han siterer hennar vurderingar. Når vitneprovet finst som tekst, er det naturleg for ein biograf å prøva å vurdera argumentasjonen i denne spesielle teksten. Lagmannen la stor positiv vekt på dette dokumentet i si rettsbelæring. For meg som kritisk lesar i dag er det vanskeleg å lata vera å oppfatta argumentasjonen i vitneprovet som problematisk. Men eg er ikkje jurist, og det kan vera sjangerbestemte trekk eg ikkje ser. Difor er eg svært varsam med å dra sterke konklusjonar når eg drøfter dette dokumentet, også etter at eg har samrådd meg med professor Svein Magnussen, som er spesialist i vitnepsykologi. Men eg drøftar det, og berre det å drøfta det, er å halda ope at saka kunne ha fått eit anna utfall med ein annan sakkyndig. Det viser det problematiske med å bruka ei slik kjelde: All vurdering som stiller spørsmål ved grunnlaget for dommen, kan oppfattast som ei mistenkeleggjering av dei som førte til at det vart sak: Dei jentene som retten klårt tilkjende status som krenkte offer. Det var eit av dei store dilemma eg opplevde i arbeidet med biografien. Eg skal seinare gjera greie for korleis eg har prøvd å løysa dilemmaet.

Forskarens inngang i stoffet

Det enklaste er å lata vera å skriva. Å velja å skriva er å hevda at emnet er av stor allmenn interesse. I mitt tilfelle kom interessa for Skredes lyrikk tidleg i 1960-åra, og eg skreiv ein større artikkel om den i Syn og segn 1964 (Hageberg, 1964). Det var dei eksistensialistiske motiv i dikta hans som interesserte meg særleg, understrekinga av mennesket som alltid er ein veljar med ansvar for sitt liv, og dette kombinert med ei innsikt i avgrunnar og fall: «Livet er som å gå Besseggen». – Eg var ein god nykritikar, skreiv ikkje eit ord om diktaren, visste ingen ting om han heller. Omkring 1970 fekk eg brått og uventa kunnskap om dommen, og eg såg då tydeleg samband mellom diktmotiv og livet til diktaren og at det kunne vera interessant å studera det – i alle fall var det uråd for meg heretter å skriva om diktinga som om det ikkje var eit liv med. Men så pass forstod eg at diktaren, som endå levde (han døydde i 1983), opplagt hadde «rør meg ikkje-sirklar» omkring seg. Eg drøymde ikkje om å trø i innanfor dei, men eg heldt fram med mi varsame biografiske forsking ut frå opne kjelder og publiserte ingen ting. I 1987 tok eg så brevkontakt med son til Ragnvald Skrede, professor Sverre Skrede ved Rikshospitalet, og fortalde at eg hadde hatt planar om å skriva meir om farens dikting, at eg i så fall laut inn på det biografiske, men at eg ikkje ønskte å gjera det om etterkommarane hadde noko imot det. Eg fekk svar straks: Kom med det same, eg er dødssjuk, eg vil svært gjerne snakka med deg. – Han fortalde det vesle han visste, som mellom anna var at hans barn enno ikkje visste noko om den særmerkte lagnaden til den bestefaren dei var så glade i, men at han straks ville informera dei om det faren hadde fortalt han den eine gongen han hadde nemnt si fortid for sonen, og om det eg i tillegg kunne fortelja. Vi tala saman i seks timar; dette var fem veker før han døydde. Eg kan ikkje seia at han autoriserte meg til å skriva ein biografi, men han gav uttrykk for at han ikkje hadde noko imot det, og slik kom ein del kjeldemateriale i mine hender, særleg brev. Eg har hatt kontakt med barnebarna; kor glade dei er for at eg har gått inn på stoffet slik, kan kanskje variera, men dei har vore medarbeidarar meir enn motarbeidarar, og biografien er tileigna dei.

Det har vore vanskelegare å få tilgang til journalane frå Gaustad der mor til Ragnvald Skrede var tvangsinnlagd i 1896 og 1897; her har det nemleg vore rimeleg å informera og spørja etterkomarar i andre greiner; det har gjort det meir komplisert, eg har då late vera å pressa. Og her er tilstrekkeleg av opne kjelder når det gjeld tidlegare generasjonar. Eg har i det heile vore varsam med å pressa kjeldene, framstellinga av nokså dramatiske moment er tona mykje ned, det gjeld til dømes detaljar som har å gjera med broren til Ragnvald Skrede som vart mordar, eit mord som elles har vore omtala med namn i professor Harbitz lærebok i rettsmedisin og i Tidsskrift for Den norske lægeforening 1926. Også der kjeldene er opne, har eg trødd varleg. Men eg har sjølvsagt ikkje kunna lata vera å ta med det to aviser i Mjøsbyar skreiv i sine rettsreferat den dagen rettssaka mot min biografiperson opna i lagmannsretten på Gjøvik. Eg siterer:

Et moment som vekker oppmerksomhet et at tiltalte er bror av Lier-morderen Anders Skrede som i sin tid begikk et fryktelig lystmord med tydelig seksuell bakgrunn. Morderen er senere kjent sinnssyk – og for noen uker siden tiltrakk han sig som kjent oppmerksomheten ved en dramatisk rømming fra Sem tvangsarbeidsanstalt. Dette er jo ikke noget bevis mot tiltalte i denne sak, men hvis han er skyldig, ligger det snublende nær å anta at det foreligger en arvelig belastning av seksuell perversitet.

Sitat slutt, og eg minner atter om at det er den dagen retten blir sett!

Eg har hatt tilgang til rettsdokument frå alle dei tre store Skrede-sakene; den første i to rettsinstansar: Eiker, Modum og Sigdal forhøyrsrett våren 1897, ført vidare i Borgarting og Agder lagmannsrett same året, straffesaka mot Anders Skrede i lagmannsretten i Drammen 1924, og alle dokument som har å gjera med straffesaka mot Ragnvald Skrede i 1936. I siste tilfelle er bindingstida for dokumenta auka frå 60 til 80 år, men eg har fått fullt høve til å sjå dei mot erklæring om ikkje å misbruka noko av materialet, d.e. først og fremst ikkje å identifisera personar som kan kjenna seg krenkte om dei blir identifiserte. Eg har sjølvsagt heilt konsekvent anonymisert dei som skulda Skrede for brotsverk i 1935 og 1936, men det er opplagt at i Vågå-bygda, der dramaet hadde sin arena, finst det framleies folk som kan identifisera dei det gjeld. I nokon mon er dei også identifiserte i opne kjelder frå 1936, dvs. aviser, trass referatrestriksjonar.

Dei som veit

Eg såg at det ville vera verdifullt for meg å få kontakt med hovudvitna i rettssaka i 1936. To av dei var enno i live då eg tok til med arbeidet, og er det også i dag. Eg valde å skriva til dei og fortelja at eg arbeidde med ein biografi om Ragnvald Skrede, og at eg i denne biografien laut gå inn på dei dramatiske momenta i livet hans. Eg skreiv eit langt identisk brev til dei to. I brevet gjer eg greie for saka, kva eg veit og kva eg ikkje veit. Eg grunngjev mi interesse og nemner særleg dei to momenta som lenge har halde meg borte frå å skriva: omsynet til Skrede-familien, og omsynet til dei eg vender meg til i det aktuelle brevet. Eg siterer litt:

… omsynet til dei som i 1936 var unge jenter som kjende seg krenkte av Ragnvald Skrede og utan å ønskja det kom til å stå sentralt då han vart straffedømt og fekk livet sitt forandra. Eg veit at de er mellom dei jentene. Når eg veit det, er det fordi eg som forskar etter søknad til riksarkivaren har fått innsyn i lagmanssrettsprosess og domsdokument. Slike dokument er i prinsippet opne og frie etter 60 år, men riksarkivaren kan forlengja tida for innsynsreststriksjon til 80 år. Det er gjort i dette tilfellet. I dette ligg då også at mitt innsyn er på bestemte vilkår. Eg har skrive under på at eg ikkje skal bruka dokumenta til å identifisera personar som kan kjenna seg krenkte ved å bli omtala med namn. Det er elles ikkje berre den underskrifta som forpliktar meg, men generelle forskingsetiske retningsliner.

Litt lenger ute i brevet:

Stoffet bør brukast på ein måte som tek omsyn til sjølve materialet og spenninga i det, men også til alle som framleies er partar, både Skredes etterkomarar og dei som i si tid var offer. Eg kjem nok til å skriva bok om Ragnvald Skrede; eg legg ved ei prosjektskisse… Eg tykkjer i alle fall det er rett å gje dykk så pass grundig orientering på førehand, men eg ønskjer også nærare kontakt …

Eg ønskjer helst å få ein samtale med dykk, kvar for seg eller i lag. Det er sjølvsagt ikkje tale om noko «forhøyr», men eg ville nok ønskja at de skulle fortelja mest mogeleg, om korleis de opplevde Skrede, korleis han var som menneske den gongen. […] Det eg kunne gje i ein samtale, er kunnskap om livet hans, både før og etter han var lærar i Vågå, om det ville vera av noka interesse, og eg ville kunna fortelja nokså mykje om diktinga hans og gje mi vurdering både av den og hans innsats som kritikar. Det eg generelt vonar å få ut av samtalar, er større innsikt. Eg må vedgå at Ragnvald Skrede den dag i dag står for meg som ei gåte.

Eg gjer så framlegg om at dei i ein samtale gjerne må ha med seg ein tredje person begge partar kunna ha tillit til. Eg nemner den kjende gudbrandsdalsjuristen Håkon Wiker, som både har vore lagdommar og sorenskrivar i Vågå, Eg siterer litt att: «Eg ville kjenna meg trygg på at han stogga meg om eg spurde på ein måte eg ikkje burde, og de kunne kjenna dykk trygge på at han verna om dykkar integritet».

Brevet er langt, åtte sider, her har eg berre sitert nokre setningar. Eg la ved adressert og frankert svarkonvolutt då eg sende det. – Om eg trudde eg skulle få svar på brevet? Ja, eg var naiv nok til helst å trur det, men fullt førebudd på at svaret var nei. Men det kom ikkje svar i det heile. Håkon Wiker var ikkje overraska over det, men rådde meg til å skriva på nytt. Eg gjorde det, og på nytt oppmoda eg om svar, eg nemnde at eg kanskje kom til å ringja om eg ikkje høyrde noko meir, og meinte det var rett også minna om følgjande:

Eg bør vel også nemna at for meg som forskar, er også eit ikkje-svar noko som kjem saka ved. Det seier seg sjølv at eg eventuelt, i anonymisert form, i ei framstilling vil måtta drøfta kjeldeproblema for ein som skriv litteraturhistorie/presshistorie/skulehistorie/lokalhistorie/rettshistorie, og i den samanhengen også nemna og drøfta at eg har vendt meg til dei som stod mest sentralt i saka i 1936, utan å få kontakt i det heile.

Eg sender identiske brev til dykk begge to også denne gongen, og meir innstendig enn før oppmodar eg dykk om å gje meg eit svar.

Det kom ikkje noko svar denne gongen heller. Eg valde etter ei tid å ringja til den eine av dei to; eg presenterte meg, ho la ikkje på då ho høyrde namnet mitt. Eg har ikkje høyrt noko frå deg, sa eg. «Nei, og det skal du aldri gjera heller», sa ho, og la til at det var ikkje noko å vinna ved å ringja til den andre som hadde same holdning.

Det forskingsetiske dilemma

Her hadde eg eit val. Eg kunne ha lagt saka heilt bort. Men eg gjorde ikkje det. Eg skreiv og eg behandla også dette aspektet av Skredes liv, for i alle fall å klårleggja kva det var skuldingane mot han hadde gått ut på. Eg var klar over at aktørane den gongen kunne mislika det. Eg sende difor dei aktuelle kapitla til professor Anders Bratholm og ba han vurdera om det var noko tvilsamt i min framstellingsmåte. Han løyste meg frå alle juridiske skruplar. Eg hadde ikkje skrive noko som var i strid med lov og rett. Det gjorde det lettare for meg. Men det kan vera slik at for ein biograf kan kvar setning vera eit etisk val. Og det finst grenser, uavhengig av jus. Eitt har eg vore nøye med: Eg har ikkje påstått noko endeleg om skuld og uskuld i denne saka, som eg sjølv knapt kjem til å skriva meir om. Men eg vil meina at vi som samfunn har for dårleg dekning av vår rettshistorie og av vår mediehistorie; biografiar kan visa at det er slik. Det er opplagt mange dokument frå vår rettshistorie som fortener gransking på nytt, og det er moment i vår pressehistorie som er ukjent for mange. Å gå inn i dokument frå vår rettshistorie, inneber å reisa tvil også overfor vedtekne sanningar, og tvilen kan faktisk såra. Men eg vil meina at det er stor skilnad på å såra og å krenkja. Eg kan godt forstå om min biografi Svidd sjel har rørt ved sår hos menneske som lever, men eg trur ikkje eg har krenkt nokon.

Gje meiningsløysa meining

Det er litteraturforskar eg er, og det var diktinga som førte meg til prosjektet. Eg har ikkje gløymt det, dei fleste kapitla i Svidd sjel handlar om lyrikaren Ragnvald Skrede, og også om samanheng mellom liv og dikt. Eg har hug til å slutta med å minna om nokre Skrede-dikt. Først det som har gitt tittel til biografien min, Svidd sjel, eller som det heiter i diktet «Bak dei siste blånar» frå diktsamlinga med same namn (1961):

Når meiningsløysa ropar

bak dei siste blånar

i di brannsvidde sjel,

då skal du stanse og lyde,

då skal du lyde vel.

Gjev du meiningsløysa meining

og formløysa form,

då har du tenkt ein tanke,

då har du stilt ein storm.

Eit av dei sterkaste Skrede-dikta er dyrefabelen «Reven» som stod i samling nr 2, I open båt på havet, som kom i 1952:

Ein smell.

Og reven sat fast i glefsa.

Eit dyr i naud bed ikkje til Gud?

Ikkje til Gud nei.

Men den ytste samling

av gløggskap og vilje

og nervar og musklar

er ei bøn.

Fyrst pintest han

lenge.

Så slo han ein eldring

om resten av livet sitt,

læste tennene,

beit av seg foten.

Sidan var han

meir konsentrert rev

enn andre revar.

Vilt og vondt var hans liv i eldringen,

ring hans jakt,

stutt hans nye veidardag.

Men ut av hans inste revehått

voks det ein tenkt labb,

og måten han tok seg fram på

til han endeleg kraup inn i urda for

godt

var hans og ingen annans.

Og heilt til slutt det aller siste diktet i Ragnvald Skredes siste diktsamling, Brenning som kom i 1975. Diktet heiter «Avgrunn», og det er ein sterk konklusjon på eit liv og ein forfattarskap. Det minner også på sin måte om at personvern er vanskeleg, svært vanskeleg, og ikkje alle får det vernet dei ønskjer og kanskje meiner å kunna ha krav på:

I eit så djupt gjel kan ein vera

at stjernene tennest midt på dagen.

Ingen har sett himmelen slik

som Lucifer i sin avgrunn.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 42, nummer 6, 2005, side 515-518

Kommenter denne artikkelen

Referanser

Hageberg, O. (1964). Ja til det lovbundne liv. Ein presentasjon av Ragnvald Skredes lyrikk. Syn og Segn, Nr. 4, 75–86.

Hageberg, O. (2003). Svidd sjel. Ein biografi om Ragnvald Skrede. Oslo: Det norske samlaget.

Skrede, R. (1952.) I open båt på havet. Oslo: Aschehoug.

Skrede, R. 1961) Bak dei siste blånar. Oslo: Aschehoug.

Skrede, R. (1975) Brenning. Oslo: Aschehoug.