Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kva helsetilhøve aukar risiko for tildeling av trygd, og korleis påverkar tildeling av trygd helsa?
Simon Nygaard Øverland |
---|
forsvarte 19. september 2007 si avhandling Mental health and impairment in disability benefits. Studies applying linkages between health surveys and administrative registries for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. |
Det er kjent at årsakene til uføretrygding er samansette og inkluderar både medisinske og sosiale forhold. Jamført med kor ofte trygdeytingar vert diskutert, finst der lite forskingsbasert kunnskap om kva helsetilhøve som aukar risiko for tildeling av trygd, og korleis tildeling av trygd påverkar helsa. I denne avhandlinga vart mental helse og opplevd funksjonstap i forhold til trygdeytingar studert nærmare.
Studien er basert på anonyme data frå to befolkningsbaserte helseundersøkingar: Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (1995–97), der nær 40 000 personar i arbeidsfør alder deltok, og Helseundersøkinga i Hordaland (1997–99), der om lag 15 000 personar i alderen 40–47 deltok. Undersøkingane vart deretter kopla til nasjonale register over trygdeytingar.
I den første av dei tre artiklane som inngår i avhandlinga, vart det funne at mottakarar av trygdeytingar som venta rapporterer langt større funksjonstap enn folk som er i arbeid. Om lag halvparten av denne skilnaden kunne i analysane forklarast gjennom andre kjente helseforhold. I den andre artikkelen vart det rapportert at opplevd funksjonstap og ei rekke symptom er til stades mange år før uføretrygding vert tildelt. Likevel ser desse helsevanskane ut til å verte større fram mot tidspunktet for trygding, for så å reduserast i perioden etter tildeling av trygd. I den siste artikkelen vart det gjort analysar som syner at søvnvanskar er ein like sterk risikofaktor for seinare tildeling av uføretrygd som depresjon.
Resultata i avhandlinga tyder på at søvnvanskar og opplevd nedsett funksjon kan vera viktigare i samband med trygdeytingar enn me tidlegare har trudd, både som risikofaktorar og som mogeleg konsekvens av å verte arbeidsufør. Avhandlinga indikerer såleis at det kan vera til nytte å auka fokus på desse faktorane i førebygging av arbeidsuførheit.
Kontakt simon.overland@psyhp.uib.no
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen