Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Avhandlinga tar for seg korleis nevropsykologiske metodar kan nyttast til å auka forståinga for viktige sider ved tenking og psykososial tilpassing hos pasientar med epilepsi.
Arne Gramstad |
---|
forsvarte 17. august 2006 sin avhandling Neuropsychological assessment of cognitive and emotional functioning in patients with epilepsy for PhD-graden ved Universitetet i Bergen. |
I den første studien i avhandlinga vart det vist at emosjonell og psykososial tilpassing og livskvalitet hos desse pasientane i stor grad blir bestemt av dei bakanforliggande faktorane negativ og positiv affektivitet og meistringsforventing («self-efficacy»).
I dei to siste studiane vart pasientar med epilepsi som utgår frå tinninglappen, og som hadde språket lokalisert til venstre hjernehalvdel, undersøkt. Resultata desse pasientane fekk på ein test på oppfatting av språkstimuli gitt samtidig til begge øyra (dikotisk lytting), vart analyserte. På denne testen er det vanlegvis slik at signal gitt til høgre øyre blir oppfatta betre enn signal gitt til venstre øyre. Studiane viste at denne asymmetrien mangla hos pasientar med funksjonssvikt i venstre hjernehalvdel, målt med nevropsykologiske testar. Det var særleg ein tendens til at signal til venstre øyre vart oppfatta unormalt godt av pasientar med slik dysfunksjon på venstre side. Dette er tolka som ein svikt i hemming av desse signala. Det var den nevropsykologiske svikten i venstre hjernehalvdel som forklarte dette best. Det hadde mindre innverknad på resultata om epilepsien starta på venstre side, eller om det var funksjonssvikt i høgre hjernehalvdel.
Det same forholdet viste seg også dersom det vart gitt instruks om å lytta til eitt øyre om gongen. I tillegg viste det seg då at det krevst meir av hjernens totale kapasitet å «snu» asymmetrien med krav om å lytta til signal til venstre øyre enn det som krevst for å auka ein eksisterande asymmetri til fordel for høgre øyre.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen