Du er her

Kor nyttig er utviklings-psykologisk kunnskap i familieterapi

Både familieterapi og utviklingspsyko-logi er opptatt av korleis meining vert skapt gjennom gjensidig fortolking, og av historieforteljing som reiskap for å skape meining.

Publisert
1. desember 2004

Magne Mæhle

forsvarte 11. juni 2004 sin avhandling Re-inventing the child in family therapy: An investigation of the relevance and applicability of theory and research in child develop-ment for family therapy involving children for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen.

Det generelle utgangspunktet for avhandlinga er å undersøke forholdet mellom akademisk kunnskap og klinisk praksis. Meir spesifikt tek den for seg forholdet mellom familieterapi og utviklingspsykologi. Avhandlinga drøftar bakgrunnen for at familieterapifeltet har vore kritisk til bruken av akademisk kunnskap. Med referanse til kunnskapsteori, utviklingspsy-kologisk forsking og kliniske erfaringar, vert det argumentert for at kunnskap om barns utvikling og eigenart både er nød-vendig og nyttig for å kunne drive effektiv og etisk forsvarleg familiebehandling som involverer barn. Det vert vidare peikt på at familieterapi og utviklingspsykologi har eit interes-sefellesskap ved at begge er opptatt av korleis meining vert skapt gjennom gjensidig fortolking, og av historieforteljing (narrativer) som ein reiskap til å gi erfaringar og opplevingar meinig. Avhandlinga viser også korleis kunnskap om dette kan brukast i familieterapeutisk arbeid med barn.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 41, nummer 12, 2004, side

Kommenter denne artikkelen