Du er her

Ei skikkeleg orsaking

Publisert
3. mai 2020

Etter at Noreg stengde den 12. mars og regjeringa kom med dei sterkaste tiltaka som er gjort i fredstid, var det naturleg at Psykologtidsskriftet ville sjå litt på kva pasientar i psykisk helsevern no får av tilbod. Helse- og omsorgsminister Bent Høie frå Høgre oppmoda helsetenesta den 17. mars til å bruke videokonsultasjon. Kor mange psykisk sjuke har fått tilbod om det?

Me tok ein runde rundt i landet, frå heimekontora, og fekk inn noko ulike rapportar før påske. Det viste seg mellom anna at Akershus universitetssykehus (Ahus) ikkje hadde ei videoløysing som fungerte. Det stadfesta direktøren for divisjon psykisk helse Øystein Kjos i eit førebiletleg kort og klart svar då Psykologtidsskriftet spurde om det.

Etter at Psykologtidsskriftet publiserte saka om at dei ikkje hadde videoløysing for psykisk helsevern på Ahus, fekk me eit tips om at dei ved Nidaros DPS (distriktspsykiatriske senter) har hatt fleire videokonsultasjonar enn heile psykisk helsevern for vaksne i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag til saman. Psykologtidsskriftet vurderte tipset som truverdig og interessant. Men me ville jo sjekka det nærare: Stemde det?

Jau, sa seksjonsleiar Elin Ulleberg ved St. Olavs hospital på telefon. Det stemmer. Jau, skreiv ho på e-post etterpå, det stemmer.

Det skulle vise seg at det ikkje stemde. Dagen etter at føretakstillitsvald Siri Næs hadde lese nettsaka der Nidaros DPS var omtalt, tok Næs heldigvis kontakt med Psykologtidsskriftet. Me hadde skrive feil, informerte ho oss om.

Det går an å gjere feil, det veit einkvar journalist

Øystein Helmikstøl, journalist

Det er då seksjonssjef Elin Ulleberg kjem med årets klaraste og beste orsaking: «Jeg har oversett to klinikker i Helse Møre og Romsdal. Det er bare å legge seg flat og beklage.» Og ho legg til at ho «burde ha kvalitetssikret tallene jeg oppga på en bedre måte». Det går an å gjere feil, det veit einkvar journalist. Og det finst altså gode måtar å rydde opp på, det kan seksjonssjefen på St. Olavs hospital vere eit døme på.

No kjem mi orsaking, som er heile poenget med å skrive dette. Eg kan ikkje gøyme meg bak andre og skulde på «redaksjonen i Psykologtidsskriftet». Feilen var min: Tipset om videoløysing ved Nidaros DPS var truverdig og godt. Seksjonssjefen stadfesta tala i to omgangar. Men eg som journalist burde sjølvsagt sjekka ein gong til med Helse Møre og Romsdal: «Stemmer opplysningane frå Nidaros med tala dykk har?» Sett i ettertid gjorde eg der ein elementær feil som eg ber spesielt seksjonssjefen ved St. Olavs hospital om orsaking for. Eg burde ha gjort jobben min.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 5, 2020, side 372

Kommenter denne artikkelen