Du er her

Lær av Siv Jensen

Publisert
5. juli 2015

På side 564 i denne utgåva intervjuar eg FrP-leiar og finansminister Siv Jensen. På sidene som følgjer, lar eg stjerneforskar Ingeborg Rossow ved Sirus gjera ein kritisk gjennomgang av det same intervjuet. Er det redeleg mot Jensen?

Intervjuet med Jensen er vist til folk rundt henne før det kom på trykk. For første gong som journalist i Psykologtidsskriftet fekk eg tilbake eit intervju utan ein einaste raud strek. Er folk i denne regjeringa meir avslappa på kva journalistar spør om eller kva dei skriv, enn folk i tidlegare regjeringar? Psykologtidsskriftet har opplevd noko av det same med Bent Høie og Erna Solberg. Med andre kjelder har eg opplevd at intervjuobjektet har stroke både spørsmål og svar i sitatsjekken.

Eg sende Ingeborg Rossows gjennomgang til folk rundt Siv Jensen. Dei trudde at Rossows kommentarar skulle stå inni sjølve intervjuet med Jensen, og reagerte på det. Sjølvsagt. Misforståinga blei oppklart, og Jensens folk hadde ikkje fleire motførestillingar.

I redaksjonen har nokon fremma ideen om moglegheita for at journalistene lagar kritisk journalistikk knytt til fagartiklar i same utgåva som dei står på trykk. Vil forskarar oppleve det surt å bli kritisert hjå oss så umiddelbart? Eller vil dei oppleve det som å bli tatt meir på alvor? Kanskje Siv Jensen har noko å læra vekk her.

Det er første gong me har intervjua nokon i NÅ-intervjuet for så å la ein forskar lesa intervjuet med kritisk blikk. Me kunne gjort det med ein SV-politikar, men er det tilfeldig at me nå gjer det med Siv Jensen? Me er alle sosialdemokratar i dette landet, og journalistar er venstrevridde. Den ferskaste medieundersøkinga frå Frank Aarebrot viser at av 628 journalistar som deltok, var det berre 1 prosent som stemte FrP.

Det fell oss journalistar lett å stilla kritiske spørsmål til FrP-folk, ikkje minst om rus, og som til dømes Paul Chaffey skreiv på bloggen sin nyleg: spørsmåla kjem ofte «frå venstre». Eg gjer det med Siv Jensen òg, sjølv om ruspolitikken ikkje alltid er like lett å dela i høgre- og venstreakse. Da eg førebudde meg til intervjuet, kontakta eg mange i rusfeltet. Der fann eg få liberalistiske psykologar og andre fagfolk.

Her er spørsmål Siv Jensen dermed ikkje fekk: Bør verkeleg staten ha monopol på omsetting av lovlege varer? Er det ikkje slik at ein streng narkotikapolitikk fremmer organisert kriminalitet og bind opp store politiressursar på eit område der ansvarlege borgarar burde kunne ta ansvar sjølve? Burde me ikkje legalisera rusmidler som i realiteten vert omsett fritt i samfunnet vårt? Korfor er heimebrenning av alkohol forbode?

Sånn blir det når ein venstrevridd journalist allierer seg med konservative kjelder i rusfeltet.

Øystein Helmikstøl, journalist i Tidsskrift for Norsk psykologforening

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 7, 2015, side 617

Kommenter denne artikkelen