Du er her

Fagetisk refleksjon – eller ein tur i mørkeret?

Fagetisk råd gav ikkje Grøndahl hjelp til å identifisere relevante etiske tema og problemstillingar.

Kvinne og mann, begge med briller
Nina Dalen og Knut Dalen (Foto: privat)

Grøndahl sin kronikk Tvangsetikk startar med følgjande ingress: Fagetisk råd presset frem fagetisk refleksjon uten at det var klart hvilken fagetisk retningslinje som var brutt. Han opplevde det som frustrerande og svært lite lærerikt å skulle reflektere over noko der han ikkje visste kva han skulle reflektere over.

Etiske prinsipp i mørkeret

I boka vår Profesjonsetikk for psykologar (s. 118) skriv vi mellom anna: Fagetisk råd vurderer først klagen, og ser kva profesjonsetiske prinsipp som ser ut til å vere dei mest sentrale i saka. Den innklaga psykologen blir beden om å drøfte klagen i lys av desse prinsippa. Slik Grøndahl framstiller det, vart det ikkje opplyst noko om kva profesjonsetiske prinsipp som var relevante. Dette kunne Fagetisk råd (FER) gjort, utan å ta stilling til om prinsippa var brote. I mørkeret utstyrer vi oss med refleks for å gå trygt. Refleksen lyser ikkje opp og reflekterer lys før nokon lyser på han. Da har refleksen noko å reflektere. Slik Grøndahl framstiller det, ser det ikkje ut til at han heller vart opplyst på nokon måte, og at det som skulle vere ein fagetisk refleksjon, vart ei trøystelaus vandring i mørkeret.

Leiar i FER, Mette E. Garmannslund, sitt svar på Grøndahl sitt innlegg har overskrifta Fagetisk refleksjon er en plikt. Ingressen er slik: Målet med Fagetisk råds klagebehandling er å fremme refleksjon og læring. Psykologers medvirkning i prosessen er både en forpliktelse og et medlemsgode. Vi kan ikkje sjå at Garmannslund kommenterer det som Grøndahl etterlyser. Det står ikkje noko om at FER innleier prosessen med å nemne kva fagetiske prinsipp som ser ut til å vere relevant.

Ut med badevatnet

Da dei fagetiske prinsippa vart revidert i 2022, ser det ut til at landsmøtet «kasta ungen ut med badevatnet». Den etiske beslutningsprosessen som var med i Etiske prinsipper for nordiske psykologer er ikkje med i Etiske retningslinjer for nordiske psykologer. Den etiske beslutningsprosessen vart i si tid utvikla av Jean Pettifor, og vart henta frå retningslinene til den kanadiske psykologforeininga. Prosessen inneheld desse trinna, og er nemnt i boka vår side 97:

  • Identifisering av etisk relevante temaer og problemstillinger
  • Utvikling av alternative fremgangsmåter
  • Vurdering av kortsiktige og langsiktige fordeler og ulemper ved hver av framgangsmåtene i forhold til alle som er involvert eller kan bli berørt
  • Valg av framgangsmåte etter grundig vurdering ut fra verdier, prinsipper og retningslinjer
  • Handling, med forpliktelse til å ta ansvar for konsekvensene av handlingen
  • Evaluering av resultatet av framgangsmåten
  • Psykologen retter opp eventuelle negative konsekvenser, eller gjenopptar beslutningsprosessen hvis det viser seg at det etiske spørsmålet ikke er løst

Vi har begge hatt nytte av Den etiske beslutningsprosessen både i undervisning og når kolleger ber om råd i fagetiske spørsmål. Det er synd at denne ikkje er med i dei reviderte fagetiske retningslinene. Grøndahl etterlyser hjelp til å handtere det første kulepunktet, ved at han ikkje fekk hjelp til å identifisere relevante etiske tema og problemstillingar. Leiar i FER har ikkje svara på denne delen av kritikken. Fagetisk råd vil nok ha god nytte av at Den etiske beslutningsprosessen kjem fram i dagslyset att, slik at den etiske refleksjonen vert mindre smertefull og meir opplysande for den innklaga psykologen.


Merknad. Begge har vore leiarar av FER. Knut har også vore leiar i Ankeutvalget for Fagetiske klagesaker (AFEK). Nina har vore medlem i Board of Ethics i EFPA. Da Nina gjekk ut av Board of Ethics, gjekk Mette E. Garmannslund inn som representant for NPF.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 61, nummer 2, 2024, side 126-127

Kommenter denne artikkelen

Dalen, N. & Dalen, K. (2019). Profesjonsetikk for psykologar. Samlaget

Garmannslund, M. E. (2024, 5. januar). Fagetisk refleksjon er en plikt. https://psykologtidsskriftet.no/debatt/2024/01/fagetisk-refleksjon-er-en-plikt

Grøndahl, P. (2024, 2. januar). Tvangsetikk. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 60(1) 50-52. https://psykologtidsskriftet.no/kronikk/2024/01/tvangsetikk