Du er her

På tide å melde seg ut av Psykologforeningen?

Det er viktig med eit privat næringsliv også innanfor klinisk psykologi fordi det kan bidra til å utvikle faget. Men eg saknar større innsats for psykologer i privat praksis.

Publisert
28. juni 2023
Emner

Eg har vore medlem av Psykologforeininga ein stund. Hovudgrunnen er gode forsikringsordningar. Dessverre så opplever eg ikkje lenger Psykologforeininga som mi foreining. For meg framstår foreininga mindre og mindre som ei smart og påverknadstung foreining som tenkjer på psykologar og kva ein skal gjere for å sikre jobb, løn og gode arbeidsvilkår for psykologar.

Idealisme

Det kan vere fleire grunner til dette. Ein årsak er Psykologforeiningas tendens til idealisme og merksemd om feil sakar som til døme det å opprette eit klimautval. Kva i alle dagar har Psykologforeininga med klima å gjere? Er det idealistisk aktivisme som skal prege foreininga? Eller er det solid fagforeiningsarbeid?

Men hovudgrunnen til min kritikk er den minimale merksemden på oss som er privatpraktiserande. Altså dei av oss som er 100 prosent privatpraktiserande, og som er så «umoralske» at vi tek betaling direkte frå klientane våre, og som ikkje får løna frå staten.

…hovudgrunnen til min kritikk er den minimale merksemden på oss som er privatpraktiserande

Tidlegare visepresident Rune Frøyland er elles eit viktig unnatak når det gjeld å ha søkelys på privatpraktiserande psykologar.

Det er fleire grunner til at eg blei privatpraktiserande. Det å vere sjølvstendig næringsdrivande gjer at ein i større grad kan bestemme sin eigen jobbkvardag framfor å måtte vere med på møter, bli pålagt ein bestemt måte å jobbe på, oppleve detaljstyring av verksemda, samt å måtte ha eit veldig stort søkelys på diagnosar og det å skrive svært utfyllande epikrisar. Eg har og ei politisk overtyding om at det er viktig at det finnast eit privat næringsliv også innanfor klinisk psykologi, fordi det kan bidra til utvikling av faget.

Pengar som motivasjon

Når ein tek betaling direkte frå pasientar, har ganske mange av oss eit ynskje om å gjere ein god jobb fordi det følast betre enn om ein har gjort ein dårleg jobb. Og gjer vi ikkje ein god jobb, så kan vi fort miste klientar. Dette i motsetning til når ein jobbar og får løn uansett kor skjerpa eller (u)dyktig ein er. Bevisste klientar sluttar å kome med ein gong dei ikkje føler at dei får noko att for pengane. Pengar blir derfor også ein motivasjon knytt til det å gjere ein maksimal innsats. Dette blir da også noko pasientar vil kunne få glede av i form av ein høgt motivert behandlar. Leiger ein inn ein umotivert snikkar, så gir ikkje det same gleda som om ein leiger inn ein motivert snikkar.

Eg opplever at svært mange klientar er nøgd med at det finnast eit privat tilbod. Eg har kort ventetid, og mange av dei som kjem til meg, har fått avslag av det offentlege. Eg er ingen konkurrent for det offentlege. Tvert imot. Er det nokon som utkonkurrerer nokon, så er det det offentlege som utkonkurrerer meg fordi dei er langt billigare for pasientane. Eg har hatt mange samtalar der pasientar går til meg eit par timar, men så får dei tilbod frå det offentlege og fortsett der. I mitt hovud så bør det private eksistere side om side med det offentlege, vi har noko å lære frå kvarandre.

Fleire har lagt vekt på at psykologar sluttar i det offentlege. Eg tenkjer at viss Psykologforeininga skal sørge for at psykologar blir i det offentlege, så må ein prøve å finne ut kva det er som gjer at jobben blir meir og meir utriveleg i det offentlege, og som gjer at fleire og fleire spesialistar vil over i det private.

Mitt inntrykk frå sidelinja er at sentralstyre og leiinga i Psykologforeininga slit med å forstå kvifor det skjer ein endring, og kvifor psykologar sluttar i det offentlege.

Mitt inntrykk frå sidelinja er at sentralstyre og leiinga i Psykologforeininga slit med å forstå kvifor det skjer ein endring..

Eg lurer også på om det framleis er slik at folk sentralt i leiinga tenkjer at psykologar som går over i det private, berre gjer det fordi dei vil tene meir pengar. Foreiningas skepsis mot dei private finnast det og ein historikk for. Avdøde Ivan Bendiksen som kjempa for dei private psykologane, skriv i si skildring av foreininga når det gjeld dei privatpraktiserande, at foreininga i 70-åra blei radikalisert, og at privatpraksis blei definert som eit kapitalistisk prega område som man så negativt på.

Det store spørsmålet

Men er forklaringa verkeleg så enkel som at ein søkjer seg vekk frå det offentlege berre fordi ein kan tene meir pengar privat? Eller gjer foreininga seg her moglegvis ein feilslutning? Er det ikkje heller eit ynskje om å få bruke seg sjølv som gjer at fleire og fleire blir privatpraktiserande? At psykologar opplever at deira definisjonsmakt i det offentlege har blitt innskrenka? At det å bli privat er meir eit ynskje om å ta attende definisjonsmakta som helsebyråkratar og andre har tatt frå dei? Og som foreininga til og med har bidrege til? Eller stillteiande har godteke? Og er det dette ein del pasientar opplever også? At i det offentlege så får ein berre ein diagnose, og journalen kjenner dei seg ikkje att i fordi den som skriv journalen, er meir oppteken av å skrive ein journal som kan bestå ein gjennomgang av Helsetilsynet, enn å skrive det som faktisk skjer i terapirommet. Det store spørsmålet er om foreininga med ein form for passivitet har latt andre overta definisjonsmakta over faget vårt. Og at dette igjen gjer at psykologar søkjer seg meir over i det private.

Eg har med åra blitt ganske usikker på om foreininga verkeleg jobbar for oss psykologar, eller om det har blitt ei tungrodd foreining som har ein meir livsfjern og idealistisk agenda enn det vi er tent med. Og som fungerer meir som ein forlengd del av staten enn ein organisasjon som skal vere for dei av oss som har tenkt til å vere psykolog eit heilt arbeidsliv.

Kommenter denne artikkelen