Du er her

Risikabelt med kjønnsbekreftende lavterskeltilbud 

Lavterskeltilbud som enkelt bekrefter kjønn, er risikabelt når det gjeld sårbare barn og unge med høg forekomst av samsykelighet.* 

Publisert
1. desember 2022
Lavterskeltilbud til personer med kjønnsinkongruens, er risikabelt, mener artikkelforfatteren. Her faksimile av intervjuet med Elsa Almås i augustutgaven.
Lavterskeltilbud til personer med kjønnsinkongruens, er risikabelt, mener artikkelforfatteren. Her faksimile av intervjuet med Elsa Almås i augustutgaven.

Spørsmålet Hva slag tilbud bør helsevesenet gi folk med kjønnsinkongruens? vart stilt til sexologiprofessor Elsa Almås i Psykologtidsskriftets augustutgave. Ho svara at det viktigaste er lavterskeltilbud som gjer det enkelt å bekrefte kjønn, og åtvara mot psykopatologisering av personar med kjønnsinkongruens. 

Spørsmålet er høgaktuelt då omorganiseringsprosessen for å desentralisere behandlingstilbodet er i gang i tråd med den nasjonale behandlingsretningslinja (2020). Den vart kraftig kritisert av tunge fagmiljø som Folkehelseinstituttet og dei behandlingsansvarlege i teamet ved Rikshospitalet.. Mellom anna fordi den er basert på rapporten «Rett til Rett Kjønn», som manglar basis i kvalitetssikra evidens for «beste behandling», kun rettar seg mot vaksne og har ingen kunnskap om den nye veksande populasjonen av unge som søker kjønnskorrigerande behandling. 

Sexologiprofessor Elsa Almås mener vi er på god vei til å skrote tokjønnsmodellen. Nå vil hun omfordele makta til dem som bestemmer hvem som skal behandles for kjønnsinkongruens.

Mine kommentarar til spørsmålet nemnt i innleiinga gjeld barn og unge med kjønnsinkongruens, ei særleg sårbar gruppe som utrednings-/behandlingstilbudet vil ha særleg store konsekvensar for både fysisk og psykisk. 

Den nye pasientpopulasjonen 

Den store auken av unge (mest tenåringsjenter) som søker kjønnskorrigerande behandling etter rask oppkommen kjønnsdysfori, kjenner vi ikkje årsaka til.

Stadig fleire unge angrar på kjønnskorrigerande behandling med irreversible og livslange konsekvensar

Populasjonen er kjenneteikna av høg komorbiditet med psykiatrisk problematikk (75%), i tillegg til høg forekomst av nevropsykiatriske tilstander (Kaltiala-Heino et al., 2015). Alderen går stadig lenger ned. Ein amerikansk studie viste barn med kjønnsdysfori i 9–10-årsalderen med omfattande alvorlege indikatorar for alle mentale helseproblem som vart studerte (Russel et al., 2022). 

Desentralisert behandling 

Kjenneteikna ved den nye pasientpopulasjonen tilsei at utredning/behandling er ei kompleks klinisk oppgåve som krev høgspesialisert kompetanse. Korleis denne oppgåva no kan ivaretakast ved regionale sentra, er eit avgjerande spørsmål. Særleg fordi behandlingsretningslinja legg føringar for «bekreftingsmodellen» gjennom ikkje å tilrå psykiatrisk utredning og stabilisering før evntuelle medisinske behandlingstiltak. 

– Å behandle pasienter med kjønnsinkongruens krever et visst volum av pasienter for å kunne utvikle kompetanse til å kunne gi forsvarlig behandling.

Arbeidet med å etablere disse sentra er i gang. Alle med interesse i feltet, uavhengig av bakgrunn, kunnskap og kompetanse, er inviterte til å delta gjennom seminar og «workshops». Val av arbeidsform liknar på prosessen som leia til rapporten «Rett til Rett Kjønn», og som behandlingsretningslinja er basert på. 

Overfor ein særleg sårbar pasientpopulasjon med behov for ei høgspesialisert teneste har kvalitetssikring av deira utrednings- og behandlingstilbod avgjerande betyding. 

The Dutch Protocol 

Bekreftingsmodellen som baserar seg på The Dutch Protocol, har spreidd seg internasjonalt. Sjøl om den er basert på svak evidens, eit lite antal pasientar, inga kontrollgruppe, svært kort oppfølgingsperiode og ingen longitudinelle data. To viktige kriterier for inclusion/exclusion i pionerstudien var at kjønnsdysforien hadde vart ifrå småbarnsalderen av, og fråver av aktive mentale helseproblem. 

Det betyr at dei pasientane som vart ekskluderte i den opprinnelege hollandske studien, unge med debut av kjønnsdysfori rundt pubertetsalder og med mentale helseproblem, i dag utgjer majoriteten av unge som gjennomgår kjønnskorrigerande behandling. 

Svakt kunnskapsgrunnlag 

Internasjonalt går stadig fleire land bort ifrå bekreftingsmodellen i behandling av mindreårige. På grunn av det svake kunnskaps- og praksisgrunnlaget i modellen blir medisinsk behandling gitt unntaksvis (i studier), t.d. i Finland, Sverige og UK. 

Særleg verdt å merke seg er at liberale Sverige har valt å gå bort ifrå den desentraliserte organiseringa som Norge no legg opp til, og går bort ifrå bekreftingsmodellen. Etter ein systematisk kunnskaps- og praksisgjennomgang har svenskane bråvendt og har bestemt at psykososial støtte og psykoterapi alltid skal vere første behandlingsalternativet for barn/unge med kjønnsdysfori. Også American Academy of Pediatrics (AAP) har nyleg uttalt at majoriteten av barn ikkje skal ha medisinsk behandling med hormonar og kirurgi. 

Stadig fleire unge angrar på kjønnskorrigerande behandling med irreversible og livslange konsekvensar. Dette medverkar til at gruppa av ungdommar, forskarar, behandlarar og foreldre som åtvarar mot den kjønnsbekreftande behandlingsmodellen, er i rask vekst. 

Tilråding 

Lavterskeltilbud som enkelt bekrefter kjønn, er risikabelt når det gjeld sårbare barn og unge med høg forekomst av komorbiditet. Ca. 85 % veks av seg kjønnsdysforien (Ristori & Steensma, 2016), og bekreftingsmodellen har (til skilnad frå «watchful waiting») vist at i nesten 100 % av tilfella fører det til konsolidering av kjønnsdysforien (Olson et al., 2022). 

Våre naboland har ut frå internasjonal konsensus om eit svakt kunnskapsgrunnlag og risiko for feilbehandling drastisk endra kurs overfor mindreårige med kjønnsinkongruens. Tilbudet er no grundige utredningar og psykoterapi, i tråd med anerkjent barnepsykiatrisk praksis. 

* Forfatteren av denne artikkelen er med i styret i Genid, et nettverk av helsepersonell og nære pårørende til personer med kjønnsinkongruens.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 59, nummer 12, 2022, side 1127-1128

Kommenter denne artikkelen

Helsedirektoratet (2020). Kjønnsinkongruens. Nasjonal faglig retningslinje. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/kjonnsinkongruens/pasientrettigheter-og-helsehjelp-til-personer-med-kjonnsinkongruens 

Kaltiala-Heino, R., Sumia, M., Tyolajarvi, M. & Lindberg, N. (2015). Two years of gender identity service for minors: overrepresentation of natal girls with severe problems in adolescent development. Child and Adolescent Psychiatry and Mental Health, 9(1), 9. https://doi.org/10.1186/s13034-015-0042-y 

Olson, K. R., Durwood, L., Horton, R., Gallagher, N. M. & Devor, A. (2022). Gender Identity 5 Years After Social Transition. Pediatrics, 150(2), e2021056082. https://doi.org/10.1542/peds.2021-056082 

Ristori, J. & Steensma, T. D. (2016). Gender Dysphoria in childhood. International Review of Psychiatry, 28(1), 13–20. https://doi.org/10.3109/09540261.2015.1115754 

Russell, D. H., Hoq, M., Coghill, D. & Pang, K. C. (2022). Prevalence of Mental Health Problems in Transgender Children Aged 9 to 10 years in the US, 2018. JAMA Network Open, 5(7), e2223389. https://doi.org/10.1001/jamanetworkopen.2022.23389