Du er her

Uhaldbare påstandar

Absurd framstilling av åtferdsteori.

Publisert
1. oktober 2020

I innlegget «Uholdbar vitenskapsposisjon» i septemberutgåva av Psykologtidsskriftet kjem Torgeir Hillestad med uhaldbare påstandar, i alle fall om «atferdsteorien». Sidan dei handlar om forsterking, gjeld dei nok ein åtferdsteori som kallast åtferdsanalyse. Han meiner at det er tautologisk, og ei sjølvforklaring, når åtferdsteorien «… vil forklare atferdsreaksjoner ut fra utelukkende forsterkning. Også her blir den «forklarende» konklusjonen at «forsterkeren forsterker fordi den forsterker»». Han meiner at ei slik monokausal, enten eller-forklaring er absurd. Men det som er absurd, er framstillinga hans.

Den kontekstuelle modellen gjør virkelig «døren høy og porten vid» for en allerede overbelastet spesialisthelsetjeneste.

For det første forklarer ikkje åtferdsanalyse, eller annan åtferdsteori, åtferd berre med forsterking. Hillestad bør sjå på kva motivasjon, og
det verbale, har å seie innanfor åtferdsanalyse. Han bør òg sjå på aksept- og forpliktingsterapi (acceptance and commitment therapy) og relasjonell rammeteori (relational frame theory), som er viktige atferdsanalytiske felt. Då vil han
oppdage eit rikare bilete.

For det andre er omgrepet «forsterkar» verken tautologisk eller sirkulært. Dyr, inkludert menneske, kan lære av konsekvensar av det vi gjer. Elles hadde vi vore uartikulerte og hjelpelause, eller utdøydde. Forsterkar er eit generisk omgrep for konsekvensar av åtferd som gjer liknande åtferd meir sannsynleg i framtida, noko som er avgjerande for viktig læring. Vitsen med omgrepet forsterking, som med andre omgrep, er å oppsummere klassar av fenomen for å forenkle kommunikasjon. Alle omgrep kan brukast feil, slik Hillestad gjer når han bruker omgrepet forsterking.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 10, 2020, side 775.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 57, nummer 10, 2020, side 775

Kommenter denne artikkelen