Du er her

Etikk om etikk

Då eg fekk Nina og Knut Dalen si bok i hende vart eg forundra. Ikkje nokon stad er det nemnt, eller referert til mine og/eller mine europeiske kollegaers tekstar.

Publisert
9. mars 2020
Emner

I februarnummeret 2020 av Tidsskrift for Norsk psykologforening  er ei ny bok, Profesjonsetikk for psykologar (Dalen og Dalen 2019), omtala av Jon Rekstad (Rekstad 2020). Fint og nyttig at det kjem ny tekst om fagetikk.

I 2002 kom Fagetikk i psykologisk arbeid ut, revidert i 2013 (Øvreeide 2002/2013). Den er og i svensk utgåve. Elisabeth Bache-Hansen bidrog i boka med  kapittel om forskningsetikk. Denne boka var igjen mal for Etichs for European psychologists (Lindsey, Koene, Øvreeide og Lang, 2008). I tillegg til den engelske originalen er boka også i tsjekkisk, latvisk og russisk utgåve. Med bakgrunn i den europeiske boka vart eg spurd om å bidra til The Oxford Handbook of Psychological Etichs. Kapitelet Etichal Perspectives and Consepts (Øvreeide, Matjan 2012), skreiv eg saman med ein slovensk kollega.

Alle mine tekstar har rikeleg med eksempel på dilemma for psykologar som står i spennet mellom praksis og yrkesetikken, slik den er formulert i  Etiske prinsipper for nordiske psykologer og EFPA Meta-code of Ethics.

Temaet fagetikk er for viktig til at denne boken skal være forbeholdt studenter.

Usynleg bok

Då eg fekk Nina og Knut Dalen si bok i hende vart eg forundra. Ikkje nokon stad er det nemnt, eller referert til mine og/eller mine europeiske kollegaers tekstar. Tilsynelatande kan det sjå ut som det ikkje finnest bøker eller særleg med tekstar på norsk om fagetikk for psykologar, med utgangspunkt i norske psykologars praksis.

Særleg underleg er det at Knut Dalen (Dalen 2002) i si tid omtala Fagetikk i psykologisk arbeid i Tidsskriftet med følgjande innleiing: «Øvreeide gjev ei svært interessant framstilling av utviklinga i fagetikken og korleis denne utviklinga følgjer utviklinga elles i samfunnet». Dalen konkluderte med: «Dette er ei bok som ein kan lese gjennom fleire gonger, bruke i undervisning både i grunn- og vidareutdanning for psykologar, og ha som utgangspunkt for å drøfte fagetiske dilemma med kollegaer». No er denne boka usynleg, bak ein tittel som er tilnærma lik tittelen til boka Dalen omtala i 2002.

Etisk dilemma

Var det eit etisk dilemma her - for forlaget, for den som omtala Profesjonsetikk for psykologar i Tidsskriftet, og sjølvsagt for forfattarane? Spenninga som kan være mellom å halda tilbake informasjon, og eiga interesse? Eit nytt eksempel til etisk drøfting.

I samband med kommentaren frå Haldor Øvreeide vedrørande bokmeldinga av Profesjonsetikk for psykologar, ser forlaget det nødvendig å komme med nokre utfyllande saksopplysningar.

Kommenter denne artikkelen

Dalen, N., Dalen, K. (2019) Profesjonsetikk for psykologar. Oslo: Samlaget

Øvreeide, H. (2002 - 2013). Fagetikk i psykologisk arbeid. (forskningsetikkdel ved E. Backe-Hansen)  Kristiansand: Høyskoleforlaget/Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Dalen, K. (2002) Fagetikk i psykologisk arbeid. Tidsskrift for norsk psykologforening, 638-639.

Rekstad, J. (2020) Fagetikk for ferske og erfarne. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 148.

Lindsay, G., Kone, C., Øvreeide, H., Lang, F. (2008). Ethics for European Psychologists. Göttingen: Hogrefe & Huber Publishers.

Øvreeide, H., Matjan, P. (2012) Ethical Perspectives and Concepts. In: Leach, M. et al. (Eds). Handbook of International Psychological Ethics. Oxford Library of Psychology. New York: Oxford University Press. (53-73)