Du er her

Psykiatrane og språksmitte

Kvifor er eg vorten skyteskive for psykologen og psykoanalytikaren?

Publisert
5. september 2014

DEBATT: SPRÅK OG PSYKISK HELSEVERN

Kor fint dei skriv, dei som kan skrive! Psykolog og psykoanalytikar og professor Siri Gullestad skriv i augustutgåva så presist som berre ein professor og psykolog kan det, om overvoksteren av substantiv (namnord), sjølv om ho først tek fatt i ordet «gråtlabil», som jo er eit adjektiv.

Eg kan berre seie meg einig i fordøminga av substantivsjuka. Og eg takkar for å bli gjort merksam på at ho også er å finne i pasientjournalane våre. Sjølv var eg mest sliten av dei lange orda i alle styringsdokument og utgreiingar, men eg ser at Gullestad har eit poeng, som eg altså takker ho for.

Siri Gullestad løfter lansa mot psykiatrane, som dei som øydelegg språket og sender smitte over til dei reine psykologane

Gullestad blæs sjølv til kamp mot styringskreftene som kveler oss med same oppskrifta. Det gjer dei visst for å gjere det vanskeleg å skjøne kva dei styrande eigentleg meiner. Der trur eg me er einige.

No er det slik at eg som skriv her, er lege og spesialist i psykiatri, altså psykiater. Og eg kan ikkje fri meg for å kjenne ei undring inne i meg – utan ord, men eg kjenner den i kroppen, og litt i hovudet – over at eg i siste delen av kronikken til Gullestad er vorten skyteskive for psykologen og psykoanalytikaren. Det er språket til stammen min som er vondskapen her! Au da!

Med hovudet, men med støtte frå heile lekamen, vil eg så enkelt eg kan, få uttrykke eit sukk: Me psykiatrar sit for lite med pasientar, men me freistar å bruke språket til å samtale og lytte, dele kjensler og tankar, og så må me få nokre ord ned på papiret når timen er over. Alle legar slit med biletet av «nasen i datamaskina», men me slåst imot. Når me skriv journalen vår, blir det mykje attforteljing, nokre vurderingar av tilstand og medikamentbruk med biverknadar og tiltak. Men me slit for å bruke meir tid på pasienten enn på PCen, så språket kan difor bli lettvint og lite gjennomarbeidd.

I grunnen har eg tenkt at denne knipa sit psykologane i òg. Så det som undrar meg, er at i denne tida der me behandlarar må stå saman og halde ryggen rak mot alle innsparingar og strukturrasjonalisering (hugser de ordet frå 60-talet?), løftar Gullestad lansa mot psykiatrane, som dei som øydelegg språket og sender smitte over til dei reine psykologane.

Kroppen blir tung, handa famlar over bokstavknappane på tastaturet. Eg finn ikkje orda lenger, språket vender seg mot meg. Men eg greier likevel å få bokstavane til å seie: stå saman!

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 9, 2014, side

Kommenter denne artikkelen