Du er her

Kva er verst, FrP eller fagleg svakheit?

At Karine Skaret sin kronikk frå septemberutgåva profilerer FrP er så si sak. Verre er det at den ikkje held mål fagleg.

Publisert
5. desember 2013

DEBATT: PSYKOLOGTIDSSKRIFTET

I i førre nummer uttrykte Fredrik Gustafsson vantru over Karine Skaret sin kronikk i septemberutgåva. Framstegspartipolitikaren Skaret skriv om kva som påverkar korleis vi stemmer ved politiske val, og snik inn eit par kommentarar som skal oppfordre oss til å stemme på hennar parti. Gustafsson ber redaksjonen ta avstand frå kronikken, på grunn av den openlyse oppfordringa til å stemme FrP. I november skriv sjefredaktør Bjørnar Olsen at han ikkje vil imøtekome fordringa frå Gustafsson. Slik eg ser det, er ikkje tilbakevisinga av kritikk gjort på riktig grunnlag.

Sjølvsagt kan ein kritisere Skaret for å vere noko freidig med si profilering av FrP i sin kronikk, men det er ikkje dette som i hovudsak gjer kronikken hennar kritikkverdig. Kronikken bør kritiserast fordi den er så fagleg dårleg som den er.

Sjølvsagt avgjer hjernen

For det første er overskrifta «Har hjernen din allerede bestemt hva du skal stemme?» svært svak og mykje meir passande for eit oppslag i Dagbladet enn i norske psykologar sitt eige tidsskrift. Der er mange ord og vendingar i vår daglege tale som skil «hjernen» frå konsept som «sjel», «sjølv» og «kjensler»; mange seier for eksempel «du må velje med hjartet». Vi psykologar kan ikkje vere kjent av å sjå slik på verda, endå mindre av å bruke slik retorikk i vårt eige tidsskrift. I hjernen ligg både vår oppleving av «sjel», «sjølv» og «kjensler», og det er sjølvsagt hjernen vår som avgjer kva vi skal stemme. Kven elles?

Liberal i USA og i Noreg

Også vidare i kronikken viser Skaret seg fagleg svak. Mellom anna kjem dette til syne i hennar tolking av omgrepet «liberal », brukt i amerikansk forsking. Ein kan forstå at det er fristande for ein FrP-politikar å tolke det amerikanske omgrepet «liberal» som det same som merkelappen «liberal» som FrP har sett på seg sjølv her til lands, men riktig blir det ikkje. Studiane som Skaret refererer til, har tydeleg sett på forskjellar mellom konservative og liberale amerikanarar, noko som i vårt land sjølvsagt betre kan omsettast som borgarleg og sosialistisk.

Med ei riktig tolking av forskinga kunne Skaret fått til ei interessant drøfting av kva individuelle forskjellar som gjer at vi stemmer ulikt. I staden blei det eit litt uelegant og uinteressant frieri til potensielle nye veljarar. Frieriet bør vi kanskje kunne tilgi ein ung, ivrig skribent, det låge faglege nivået – kanskje ikkje.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 12, 2013, side

Kommenter denne artikkelen