Du er her
Cand. psychol.-programmet er basert på scientist–practitioner-modellen
Det er sjølvsagt mulig å finne setningar i «Nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi» som fokuserer på det kliniske, men det forandrar ikkje det grunnleggande: Nasjonalt Profesjonsråd støttar opp om scientist–practitioner-modellen.
DEBATT: PSYKOLOGUTDANNINGA |
I mai-nummeret av Tidsskrift for Norsk Psykologforening tar professor Arne Vikan eit oppgjer med Nasjonalt Profesjonsråd for Psykologiutdanning (NPP) og det integrerte seksårige cand.psychol.- studiet ved NTNU. Hovudpoenget hans er at Profesjonsrådet har definert profesjonsstudiet som eit klinisk studium, gjennom «Nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi», at studiet ved NTNU er det første beviset for denne utviklinga, og at dette bryt med scientist-practitioner modellen. Dette siste er ikkje korrekt.
Minimumskrava
«Nasjonal plan» er ei operasjonalisering av «Standarder for norsk psykologeksamen» og vart utvikla for å definere minimumskrava til eit cand. psychol.-studium. «Standarder » står trygt innan scientist-practitioner modellen, og «Nasjonal plan» gjer også det. Det er sjølvsagt mulig å finne setningar i planen som fokuserer på det kliniske, eller på forsking for den del, men det forandrar ikkje det grunnleggande: Nasjonalt Profesjonsråd støttar opp om scientist-practitioner modellen, og «Nasjonal plan» er i tråd med dette.
Profesjonsrådet er ein del av Universitets- og høgskulerådet (UHR), ein organisasjon oppretta av og finansiert av universitet og høgskular. Rolla til UHR er mellom anna å samordne og representere sektoren, og å vere ein møteplass. Det er rådgivande, og har ingen myndigheit ovanfor psykologiske fakultet og institutt. Når «Nasjonal plan» er vedtatt i Profesjonsrådet, så betyr det at dei fire lærestadene er einige om at planen beskriv kjerneområda som ei psykologutdanning skal innehalde: vitskapleg kunnskap, faglige ferdigheiter, haldningar til utøving av yrket, og brei praksis med diagnostikk og behandling. Innanfor disse rammene står lærestadene fritt til å definere innhaldet i sine studium. Det er ikkje ei motsetting mellom å vedta ein nasjonal plan, og å ha akademisk fridom.
Ny tid – nye rammer
Innlegget har preg av å forsvare profesjonsstudiet slik det var for mange år sidan, men rammene har endra seg. Psykologar er underlagt helsepersonellova av 1999, og dei aller fleste med graden cand. psychol. arbeider i dag i helsevesenet. Utdanninga skal reflektere at profesjonsstudiet utdannar for helsevesenet. Utdanninga må sikre at kandidatane er skikka til og har reiskapane til å kunne arbeide som psykologar i norsk helsevesen, saman med legar, sjukepleiarar og andre som er underlagt same lova. Dette er samfunnsoppdraget.
Samtidig må lærestadane sikre at kandidatane kan tenke analytisk og kritisk, og har dei nødvendige metodiske og teoretiske føresetnadane for å utvikle faget. Fagleg verksemd og undervising skal vere forskingsbasert. Derfor har profesjonsstudiet eit tungt innslag av basalfag, normalpsykologi og metode. Dette har vore eit kjenneteikn for norsk psykologutdanning, og gitt oss ein fordel samanlikna med andre helseprofesjonar. Denne fordelen skal vi behalde.
Reform krev endring
Så kom samhandlingsreforma, med fokus på førebygging, førstelinje og tidlig intervensjon. Dette perspektivet har vore undervist som helse- og samfunnspsykologiske tema, men forventinga frå myndigheitene er at dette no skal inn i helseutdanningane i større grad enn før. Skal utdanninga av psykologar vere relevant må disse signala svarast på. Skal noko nytt inn må andre ting ut. Det føregåande er blant grunnane til at profesjonsstudia i Oslo og Trondheim har utvikla integrerte seksårige profesjonsstudium. Opptak frå vidaregåande gir større fridom til å utvikle profesjonsstudiet og gir i praksis meir plass til nye emne ved å unngå repetisjon frå årsstudiet.
Fleire tema skal undervisast i enn det som var tilfelle for 30 år sidan. Kunnskapsproduksjonen i faget er stor. Gjennom det translasjonelle perspektivet i internasjonal og nasjonal forsking har skiljet mellom grunnforsking og anvendt/klinisk forsking blitt mindre. Anvendte emne er i større grad forskingsbaserte enn tidligare, og deler av undervisinga i basalfag er tett knytt til anvendte problemstillingar. Konsekvensen er vel likevel at forholdet mellom kliniske og basale fag blir fordelt om. Ikkje i stor grad, men ettersom arbeidsoppgåvene for våre cand.psychol-ar blir fleire, så har dette konsekvensar for fordelinga av basale og kliniske emne i studiet. Dette er konsekvensen av at profesjonsstudiet utdannar for helsevesenet. Vi kan likevel ikkje sjå at dette bryt med scientist- practitioner modellen. Det er snakk om små endringar, og basaldisiplinane og metode er framleis tungt representerte i studiet, slik dei skal vere i følgje Nasjonal Plan.
Konsekvensar for masterane?
Her er vi ved det viktige: Kva konsekvensar har det for bachelor- og masterprogramma at profesjonsstudiet blir meir klinisk orientert ? Betyr dette at masterprogrammet kan fylle eit rom som profesjonsstudiet etterlet seg når? Påverkar det arbeidet mot EuroPsy-sertifisering? Desse problemstillingane vart nyleg utgreidde av NPP ved dei fagansvarlege for masterprogramma. Desse konkluderte med at dette var ei sak for kvar enkelt institusjon. Masterprogramma såg ikkje utviklinga av profesjonsstudiet som ei muligheit til å profilere seg mot grunndisiplinane. Det er mulig at denne tanken må modne litt. Vi trur ikkje at denne diskusjonen er over. Det viser Masterforeininga sine initiativ ovanfor mellom andre Psykologforeininga.
Våre mål er god rekruttering til og god kvalitet i bachelor- og masterprogramma. I vanlige stipendiatstillingar blir i stor grad masterutdanna tilsette. Ved utlysing av stipend ved Universitetet i Bergen nylig var 14 av 17 søkarar masterutdanna. Karrierevegen for mange med denne utdanninga går, naturlig nok, til universitets- og høgskulesektoren. Masterutdanna i psykologi vil i framtida ha stillingar ved dei psykologiske institutta og fakulteta i Noreg. For å ivareta profesjonsstudiet må vi derfor sikre kvalitet også i masterprogrammet. Dette er ei sentral utfordringane for utdanningane våre. Kom gjerne med innspel til korleis den best skal løysast!
Kommenter denne artikkelen