Du er her

Meir enn ei hovudforklaring

«Vanlige borgere begår ikke massedrap», skriv Torgeir M. Hillestad i debatten mellom han og Arne Klyve i høve terroråtaka 22. juli. Det er – for å vera ærleg – ein ganske uinteressant observasjon.

Publisert
5. juli 2012

POLITISKE MÅL: Det skal noko til for å verta terrorist, og det er all grunn til å leita i «den personlige biografi» etter forklaringar. Men når dei faktisk blir terroristar og vel seg høgst politiske mål, er det all grunn til å peika på ideologi som hovudforklaring, skriv Øyvind Strømmen. Biletet viser Arbeidarpartiet sine kontor etter bombinga 22. juli 2011.

Foto: Brage/YAY Micro

DEBATT: 22. JULI

Arne Klyve og Torgeir M. Hillestad har sidan årsskiftet diskutert terroråtaka 22. juli. Kanskje Klyve driv med overdreven politisering, skriv Øyvind Strømmen. Men Hillestad avpolitiserer og gjer den ideologiske ekstremismen om til ein slags kuliss.

Uavhengig av korleis ein snur og vender på det, er Anders Behring Breivik knappast ein vanleg borgar. Han er ein av oss. Men ikkje det minste vanleg.

Konspirasjon, valdsbruk og personlegheit

For det fyrste forfektar Breivik ein ideologi som er sett saman av ulike former for ekstremisme, med såkalla kontrajihadisme som ein sentral bestanddel. Dette er ein ideologi som grunnleggjande sett er basert på ein konspirasjonsteori, ei førestilling om at Europa er okkupert eller er i ferd med å verta okkupert av muslimar, og at desse okkupantane har medviten støtte frå store delar av det politiske etablissementet i Europa. I dette biletet vert Jens Stoltenberg til ein landssvikar på line med Vidkun Quisling, og store delar av Stortinget vert forrædarar eller femtekolonnistar. Breivik er langt frå åleine om desse førestillingane – ein variant er jamvel publisert av Gyldendal Norsk Forlag då dei valde å gje ut Oriana Fallaci sin hatpamflett Fornuftens styrke – men førestillingane er heldigvis heller uvanlege.

Utan å sjå på Breivik sine politiske idear er det vanskeleg å skjøna valet av terrormål

For det andre har Breivik teke eit steg lenger. Han ikkje berre trur på konspirasjonsteoriar, han forsvarer konkret valdsbruk og har gjennomført terroråtak av veldige dimensjonar på bakgrunn av dette verdsbiletet. Det blodigaste av dei to terroråtaka – Utøya – retta seg på toppen av dette mot ungdomar, ikkje mot maktapparatet. Dermed fell fleire og fleire frå: medan valdsromantikk er relativt utbreidd i høgreekstreme miljø av ulike sortar, er faktisk valdsbruk mindre vanleg. Den valdsbruken som finn stad, dreier seg ofte om meir eller mindre tilfeldig vald, som når English Defence Leaguemedlemer går laus på ein tilfeldig innvandrar eller raserer ei kebabsjappe. Åtaket på regjeringskvartalet er likevel noko ein kan finna aksept for blant høgreekstreme. Åtaket på uvæpna ungdomar vert verre å forsvara, sjølv for politiske ekstremistar, og det av både ideologiske og emosjonelle årsaker. Den som måtte tru at slikt forsvar er heilt fråverande på høgreekstrem kant, tek likevel feil: eg har sett fleire døme på høgreekstreme som har uttrykt forståing, sympati og også direkte støtte til massedrapet på Utøya. Likevel kan ein konkludera med at Anders Behring Breivik ikkje berre er ein politisk ekstremist, han er ein ekstremist blant dei politiske ekstremistane.

Her kjem det tredje momentet inn. I løpet av månadane som har gått – og også i rettssaka – synest det klårt at Breivik har ein del uvanlege personlegdomstrekk, om han no skulle vera tilrekneleg eller ikkje.

Ekstremisme som hovudårsak?

I eit tidlegare innlegg skriv Hillestad at politisk ekstremisme ikkje er nok. Han har eit poeng. I fleire av eksempla på terroråtak i vestlege land dei siste tiåra er definitivt andre forklaringar ein del av biletet; det skal noko til for å verta terrorist, og det er all grunn til å leita i «den personlige biografi» etter forklaringar. At Hillestad overdriv poenget, vert imidlertid tydeleg når han i sitt nyaste innlegg beint ut avviser «rene politiske påvirkninger og overbevisninger» som ei hovudårsak for terroråtaka 22. juli, fordi ein i så høve ville ha «vært belastet med titalls og kanskje enda flere massemordere enn bare slike enkelttilfeller».

Her lyt ein spørja seg om Hillestad avviser politisk ekstremisme som hovudårsak også i andre tilfelle. Eg skal nemna to, båe frå Noreg.

Sommaren 1985 vart Normoské i Oslo utsett for eit bombeåtak, gjennomført av ein ung høgreekstremist med koplingar til eit nynazistisk miljø, eit miljø som også kan setjast i samband med fleire andre valdshandlingar. Ingen vart drepne, men det har meir med flaks å gjera enn med noko anna. Dette var midt under fastemånaden ramadan, og moskeen vart nytta som samlingsstad i samband med fastebrotmåltidet om kvelden. Den kvelden bomba gjekk av, hadde samlinga vorte flytta til ei privat leilegheit på ein annan kant av byen i staden. VG kommenterte eit par dagar seinare med at det kunne ha vorte eit blodbad. Fleire tital såra og drepne verkar ikkje direkte usannsynleg.

I etterkant vart fleire dømde til fengsel. Eg har ikkje sett nokon som ikkje har peikt på politisk ekstremisme som ei hovudårsak til dette terroråtaket, trass i at dei dømde sine personlege biografiar sikkert kan avsløra andre interessante forklaringar. Den sentrale gjerningmannen vart intervjua i Aftenposten nokre år seinare. Han fortalde om ein ganske klassisk politisk radikaliseringsprosess, men utelukkar ikkje at han i staden kunne ha hamna på motsett kant. Han fortalde også om ei personleg krise og sjølvmordstankar, då han – medan han sat fengsla – etter kvart forkasta den ekstreme ideologien.

Ei anna historie

Ei anna historie fortel om ein ung mann som levde store delar av livet sitt på Internett, og som av politikjelder vert skildra som sosialt utanfor. På nettet besøkte han ei rekkje innvandringsfiendtlege nettsider, også av det høgst ekstreme slaget – nettstader innanfor kontrajihadrørsla, og også den nynazistiske nettstaden Stormfront.org. Dessutan skal han ha motteke nyhendebrevet til ein norsk, islamfiendtleg organisasjon, og han var aktiv på nettforumet til nettavisa Hegnar Online, der det har vore betydelege innslag av hat mot innvandrarar. I nettdebattane skal han ha uttrykt eit ynske om å «bevare nasjonal og kristen kulturarv», og han uttalte seg I skarpt negative vendingar om både muslimske innvandrarar og om den norske regjeringa. Etter kvart gjekk det lenger: den unge mannen sette seg eit mål om å drepa. Han skreiv eit notat der ambisjonen gjekk klårt fram. Som medlem av ein skyttarklubb hadde han skaffa seg fleire våpen. Mot slutten av sommaren utførte han ugjerninga.

Parallellane til Anders Behring Breivik tør vera fleire, men den aktuelle drapsmannen drap berre ein person, somaliskfødde Mahmed Jamal Shirwac. Det hende seinsommaren 2008. Drapsmannen vart seinare dømd til tvunge psykisk helsevern, i tråd med aktor sin påstand og truleg også i tråd med sunn fornuft: Eg har ikkje høyrt frå nokon med kjennskap til saka som meiner at psykisk sjukdom ikkje var vesentleg. Men samstundes er det vanskeleg å forklara korleis ein tilfeldig innvandrar frå Somalia vart drapsoffer, utan å sjå på det politisk motiverte hatet gjerningsmannen hadde mot muslimar generelt og somaliarar spesielt. I valet av mål er det vanskeleg å sjå korleis den politiske ekstremismen – ikkje dei psykiske forklaringane – ikkje var ei hovudårsak.

Ideologi som forklaring

Det same gjeld 22. juli. Utan å sjå på Breivik sine politiske idear er det vanskeleg å skjøna valet av terrormål; Breivik sine mål var nettopp ikkje tilfeldige, som om han var ei slags naturkatastrofe. Utan å skjøna det politiske aspektet skjønar ein svært lite av Breivik. Der Hillestad kan ha eit poeng i at Klyve driv med overdriven politisering – Klyve blandar blant andre inn Bush – gjer Hillestad sjølv det motsette: han avpolitiserer. Hillestad gjer den ideologiske ekstremismen om til ei slags kulisse, «ikke minst fordi det ligger helt spesifikke personlighetsmessige forutsetninger til grunn for slike ekstreme ytringsformer».

Hillestad sitt problem er at ein kan snu på dette: ein må kunne anta at fleire enn dei som faktisk vert terroristar, har tilsvarande «personlighetsmessige forutsetninger». Når dei faktisk blir terroristar og vel seg høgst politiske mål, er det all grunn til å peika på ideologi som hovudforklaring. Men ofte berre som ei av fleire.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 7, 2012, side

Kommenter denne artikkelen