Du er her

Ein politisk prosess

Står vi overfor ei politisk eller psykolgisk utfordring i Breivik? Begge er nok sentrale faktorar for å forstå kvifor tragedia hendte. Minst like viktig som kva vi gjer med Breivik, er spørsmålet kva vi skal gjere med den politiske mytologien han forsøker å skape.

Publisert
5. juli 2012

POLITISK: Vi var veldig opptatte av det psykologiske aspektet i sal 250, men vi burde vere minst like opptatte av det politiske, meinerKristian Bjørkelo.

Foto: Stian Lysberg Solum, NTB / Scanpix

DEBATT: 22. JULI

Forklarar ideologi eller psykologi Breivik si terrorgjerning? Torgeir Hillstad og Arne Klyve har diskutert spørsmålet sidan januar. Det ideologiske og det psykologiske må verke i lag for at det skal få dei katastrofale konsekvensane det fikk 22. juli, skriv Kristian Bjørkelo.

Debatten har gått mellom Klyve og Hillestad i Tidsskriftet den siste tida. Hillestad meiner Klyve ignorerer individuelle, psykologiske årsaker som ligg bak Breivik si terrorgjerning, medan Klyve meiner at Hillestad ignorerer det ideologiske. Dei har beggje rett, og dei tek begge feil. Dei tar mellom anna feil i at den andre ikkje inkluderer det eine eller det andre, dei berre vektlegg ting veldig ulikt. Det ideologiske og det individuelt psykologiske må verke i lag for at det skal få dei katastrofale konsekvensane det fekk 22. juli i fjor. Heldigvis, får ein vel seie.

Det ideologiske er eit heilt naudsynt moment for å forklare gjerningane til Breivik

Det ideologiske

Det er, under normale forhold som vi har i Noreg og Europa, ein del som skal til for at nokon skal ty til massedrap som politisk verkemiddel – for å vekke dei sovande massane, og spreie angst blant meiningsmotstandarar. Det skal med andre ord rimeleg radikale, individuelle årsaker til at nokon går til det steget. Alvorleg psykisk sjukdom er ei slik årsak. Men det er ikkje nok med alvorleg psykisk sjukdom for å gjere noko slikt. Det er mange av dei som lider både med psykoser og anna, som aldri skadar ei fluge. Eg har møtt min del av dei.

Så det ideologiske er i mine auge eit heilt naudsynt moment for å forklare ikkje berre gjerningane, men motivasjon, målgruppe og, ikkje minst, omfanget av terrorgjerninga. Ideologien gav han fienden og måla, den gav han motivasjon. Og ikkje minst, så gjev ideologien han høve til å påkrevje seg å vere rettvis, og å handle i nødverge – før det er for seint for det kristne, kvite Europa. Og han er jo ikkje åleine om desse visjonane. Dei som har vandra litt blant høgrekreftene her og i utlandet, kan ikkje la vere å merke seg at språkbruk og førestellingsverd er pinleg lik den Breivik presenterer. Folk i radikale miljø fantaserer jo òg litt om kva dei skal gjere når tida er inne, kva valdlege gjerninger som krevst av dei i den foreståande kampen. Men kor ofte har dette fått valdelege utslag av dette slaget? Ei og anna valdshandling og ein og annan terroraksjon har vi fått, men ikkje av dette slaget, ikkje på dette viset. Kvifor ikkje? Kvifor har ikkje alle som deler Breivik sitt syn og hans ideologi, begått tilsvarande terrorgjerningar? Kva hindrar dei? Kva hindra ikkje Breivik? Det er med andre ord openberre individuelle og psykologiske forklaringar her. Kanskje han ganske enkelt er psykisk sjuk.

Mytologi

Korkje psykologi eller psykiatri er mitt fagfelt, så eg vil ikkje seie noko om den eine bestanddelen av Breivik sine gjerningar som er tufta på psykologi, når eg kan unngå det. Eg held meg til ekstremisme og aparte tankemønster og idear. Med andre ord, det politiske aspektet ved Breivik. Eg har bitt meg merke i det mytologiske aspektet ved manifestet. Dette heng saman med det politiske, og truleg òg har det ein psykologisk dimensjon som enno ikkje har vorte belyst tilstrekkeleg[1].

Kompendiet, som er det terrorgjerninga skulle vere PR for, vil i framtida vere primærkjelda for dei som av ulike årsaker ønskjer å få vete om kva som hendte. Dette inkluderar dei som mot all formoding skulle sympatisere med Breivik og ideane hans, og som kanskje vil emulere han. I kompendiet finn dei oppskrifta, ikkje berre på å gjennomføre ein liknande aksjon, men – og dette er langt viktigare – for korleis dei skal la seg kunne initiere inn i hans tempelriddarorden. Det speler ikkje noka rolle at denne tempelriddarordenen ikkje eksisterer nokon stad no, anna enn som uavhengige forsøk på å organisering her og der, for kven som helst kan starte ei celle i framtida og slik realisere organisasjonen ved hjelp av kompendiet, og den myten Breivik ønskjer å skape.

Ein likar kanskje ikkje å tenkje på det, men brutale massemordarar og psykopatar har ei underleg tiltrekkingskraft på folk. Berre sjå på Charles Manson som nyt notoritet der han sit på cella si og korresponderer med folk som dyrkar han ved hans føter. Dette er det Breivik ønskjer å verte. Ein inspirasjon for den kommande tempelriddarordenen og motstandsrørsla, ikkje ein eksisterande orden.

Ein politisk prosess?

For å motverke dette må vi avkle Breivik, og syne han fram som den skrønemakaren han er. Difor er det ikkje berre synd at vi ikkje får kringkasta hans kommentarar frå rettssalen, men òg synd at vi er så fokuserte på spørsmålet om hans sinnstilstand framfor hans politiske prosjekt. Vi er nøydde til å skape ei betre forteljing og ein betre myte for framtida enn den som er representert av Breivik sitt kompendium. Vi må gå så grundig til verks for å sette ideologien hans til veggs at det vert vanskelegare for nokon å tru på dei framstillingane han har gjort i kompendiet. Vi må gjere det grundig, og vi må gjere det så merkbart at det vert synleg utanfor landets grenser. For Breivik er ikkje eit norsk fenomen, og kompendiet talar ikkje først og fremst til eit norsk publikum, men til eit stort og internasjonalt publikum som ikkje får ta del i vår prosess mot denne massemordaren. Dette er eit ansvar vi er nøydde til å ta alvorleg.

Vi kan gjerne tale om at rettssaka i større grad burde vore ein politisk prosess. Trass i at dette uttrykket skapar skumle assosiasjonar om McCarthyisme og politisk heksejakt. Vi er veldig opptatte av det psykologiske aspektet i sal 250, men vi bør vere minst like opptatte av det politiske. Difor er det synd at ideologar som Fjordman og Bruce Bawer ikkje er til stades, for dei bør stillast til ansvar. Ikkje for Breivik sine gjerningar, slik mange av deira sympatisørar likar å tru, men for deira ideologi, som har mogleggjort dette massedrapet. På same vis som kommunistar og nazistar har måtta stå til ansvar for sin politikk. Om nokon tykkjer dette er å ta hardt i, må eg berre minne om at Fjordman har tatt til orde for at ein skal væpne seg, og har spekulert i det som vil tyde ei etnisk reinsing av Europa.

Vi treng ikkje tolerere dette. Vi kan stille ideologien til ansvar. Og det er ein politisk prosess.

kristian.bjorkelo@lle.uib.no

Fotnoter

  1. ^ For meir om dette, les «Eit manifest for framtida» i Humanist 3/2011 på nett: http://humanist.no/manifestbreivik.html
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 7, 2012, side

Kommenter denne artikkelen