Du er her
Med råd til å løfta blikket
Myten om den briljante forskaren som først famlar frenetisk for så, mestpå slump, å dumpa over ei paradigmeskakande oppdaging, er nett det: ein myte. I den verkelege verda treng forskarar trygg og langsiktig finansiering, bare slik kan dei retta ryggen og løfta blikket mot neste horisont.
KOMMENTAR: FORSKINGSFINANSIERING |
---|
Forsking handlar om å legga stein på stein. Muring handlar òg om å legga stein på stein. Alt arbeid handlar om å legga stein på stein – også kunnskapsarbeid. Men forsking er noko for seg sjølv. Den handlar om å legga svært spesialiserte steinar på svært komplekse byggverk. Det handlar ofte om å utvikla teoriar som gjer ein i stand til i forkant å vurdera heile byggverket, før ein har lagt ein einaste stein. Det handlar om å legga til stadig nye steinar, eller å forkasta det ein har bygd opp over år, når ein oppdagar ein ny stein som ikkje passar inn med resten av byggverket. Slikt kostar pengar.
Langsiktige løyvingar avgjerande
I fjor intervjua eg nevropsykologen Edvard Moser, som saman med kona May-Britt leier eitt av Noregs mest framståande forskingsmiljø: Centre for the Biology of Memory (CBM) ved NTNU. Dei står på Forskingsrådet si liste over Senter for framifrå forsking, og har som eit resultat av dette motteke store løyvingar dei siste åra.
Forskarar tilknytte CBM publiserer jamleg i Nature og Science. Ifølge Moser var trygg økonomi den viktigaste føresetnaden for resultata dei har oppnådd. Trygg økonomi, sjølvsagt i form av tilstrekkelege løyvingar, men mest av alt i form av langsiktige løyvingar. Dette har vore avgjerande, fordi det har gjort forskingsleiinga i stand til å planlegga ti år fram i tid. Eit slikt perspektiv gjer det mogleg å først sjå på fagfeltet for å identifisera kvite flekkar på kunnskapskartet, og deretter å bestemma kva for nokre av desse ein ønskjer å fargelegga. Kva for spørsmål treng vi å finna svar på for at forskingsfeltet skal utvikla seg vidare? Moser-miljøet har hatt råd til stilla slike spørsmål, formulera hypotesar og designa forsøk, knyta til seg fagpersonar med ønskt kompetanse, setta seg delmål undervegs, og til og med nå dei måla dei har sett seg føre å nå.
Frå hand til munn, heiter det. Forskarar som lever på minimale løyvingar frå kortsiktige prosjektmidlar, må bruka for mykje tid på å sjå etter at det er noko i handa som er på veg mot munnen. Det basale er og blir det basale.
Ny forskingsmelding på trappene
Regjeringa har varsla ei ny forskingsmelding på slutten av våren1. Statsråd for høgare utdanning og forsking Tora Aasland ønskjer, som andre før seg, å setta bumerket sitt på norsk forsking. Regjeringa håpar å handsama meldinga i løpet av våren. Som alle politiske utspel kjem òg denne meldinga til å freista å samla det som ikkje kan samlast. Den skal halda saman sprikande staurar som klimapolitikk og velferdsutvikling, sysselsetting og næringsutvikling, nasjonal distriktspolitikk og internasjonalt samarbeid, og – ikkje minst – tilhøvet mellom på den eine sida målstyring og ønsket om forsking som kan brukast til noko her og no, og på den andre sida forskingsprosjekt som krev faste millionløyvingar ti år framover utan å kunna lova noko resultat i den andre enden.
I Noreg er meir enn 50 prosent av forsking og utvikling offentleg finansiert. Dette er «… mer enn i de fleste andre land der stat og samfunn er to adskilte størrelser …», skriv Knut Olav Åmås i Aftenposten 25. mars. Utfordringa ligg altså ikkje bare i kva for forsking som får pengane, men òg i kva grad forskarane står fritt til å forska på det dei er nyfikne på – uavhengig av kva farge forfattaren av den siste forskingsmeldinga hadde på blazeren sin.
At forskinga er finansiert av staten, er ikkje det same som at den er uavhengig. For det første har styresmaktene sine eigne mål dei siktar mot, om det no er auka sysselsetting, låg rente, høg oljeutvinning, full likestilling eller gratis barnehage til alle. For det andre går store delar av dei 19,4 milliardane staten kjøper forsking for i 2009, til næringslivet og ulike frittståande forskingsinstitutt, mykje av det via Forskingsrådet. Universitet og høgskular står i dag bare for rundt 25 prosent av forskingsaktiviteten her til lands, og nær to tredelar av forskingsmidlane over statsbudsjettet går andre stader enn til akademia.
Kritikk av Forskingsrådet
Noregs Forskingsråd fordeler årleg om lag 6,2 milliardar kroner til forskingsføremål, og er eit viktig statleg forskingsstrategisk organ. I den siste tida har ordninga med søknadar om prosjektmidlar hausta kritikk, mellom anna frå professor i systemdynamikk ved Universitetet i Bergen, Erling Moxnes:
… søkerne [må] forkaste sine beste ideer og vri på sine nest beste ideer for å tilpasse seg utlysningstekstene. De må gi opp kontinuitet, gi opp etablert forskningssamarbeid, etablere nye allianser uten forsikring om at prosjekter blir noe av, og de må passe på å flette inn siste sesongs moteord, gjerne med hjelp av profesjonelle søknadsskrivere. Kvaliteten reduseres og kostnadene er store. Ofte vil ni av ti søknader være bortkastet arbeid. Enkelte miljøer bruker hele 25 prosent av sine ressurser på søknadsskriving. (Aftenposten 2. januar)
Seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio Ola Tunander viser i Aftenposten 29. januar korleis norske forskarar som er heilt i teten internasjonalt, ikkje når fram i søknadskøen. Han går langt i å ymta om at Forskingsrådet sine tildelingar i for stor grad er politisk styrte, og fortel om både søknadar og forskingsresultat som er blitt «vaska» politisk for å auka sjansen for løyvingar.
Når leiaren i Forskingsrådet, Arvid Hallén, i Aftenposten 6. januar svarar Moxnes på kritikken om at forskarane må vri prosjektforslaga mot dei politisk prioriterte områda, svarar han kort og greitt at det er jo det som er heile poenget.
Brukande forsking
Statsbudsjettet for 2009 aukar løyvingane til forsking med til saman 1,6 milliardar kroner. Det tilsvarar ein reell vekst på 4,4 prosent samanlikna med 2008. Stadig større løyvingar til forsking, eit mektigare forskingsråd og ein eigen statsråd for høgare utdanning og forsking fører ikkje bare til meir merksemd og pengar – det fører òg til strengare kontroll. Og den stramme økonomiske situasjonen i verda vil kunna forsterka dreiinga mot «anvendbar forskning» (Kva er forresten motsatsen? Ubrukeleg?).
Forskingsrådet sitt strategidokument for perioden 2009–2012 dreg merksemda i same lei. Ser ein bort frå lause formuleringar om meir forsking og meir internasjonalt samarbeid, legg dokumentet vekt på at forskinga i større grad må rettast inn mot spesifikke utfordringar i samfunnet og næringslivet, og skapa resultat som er nyttige for næringsliv og forvaltning. Samstundes seier Hallén seg samd i at budsjetta for tildelingar til frie, programuavhengige prosjekt er for små. Litt ja takk, begge delar, altså.
Ordninga med Senter for framifrå forsking har vore ein suksess, mykje på grunn av dei langsiktige finaniseringsrammene. Dette er Moser-miljøet ved NTNU eit godt døme på. I 2005 fekk dåverande forskings- og utdanningsminister Kristin Clemet brei støtte i Stortinget då ho i si forskingsmelding sette fram målet om at Noreg skal bli ein leiande forskingsnasjon. Miljøet rundt psykolog-ekteparet i Trondheim har realisert dette lokalt. Internasjonale toppforskarar kjempa om plassane då CBM i fjor sommar arrangerte eit hjerneforskingsseminar på Svalbard.
På seinhausten i fjor kom rapporten «Evne til forskning – Norsk forskning sett innenfra». På oppdrag av Det norske Videnskaps-Akademi leia professor Lars Walløe eit utval som stadfesta inntrykket mange universitetstilsette sit med: Auken i forskingsløyvingar dei siste åra er komen dei færraste til gode. Sentra for framifrå forsking har fått gode vilkår, medan forskarar som ikkje er knytte til slike prestisjeprosjekt, har fått det trongare. I tillegg viser rapporten at Noreg heng etter dei andre nordiske landa når det gjeld utvikling innanfor forskingsfeltet – trass i ei dobling av talet doktordisputasar dei siste åra. Dei vi likar å samanlikna oss med, har betre utgangspunkt og utviklar seg like mykje som eller meir enn oss.
Den største utfordringa
Tidsskriftet har vore i kontakt med forskarar som opplever at store delar av arbeidstida går med til å skriva søknader og gjera avtalar om samarbeid for prosjekt som til slutt ikkje får finansiering – og endar i skrivebordsskuffa. Mange spør seg om det er vits å bruka veker og månader på søknader og planlegging som ikkje fører til noko. Og fordi ein så stor del av midlane er låste til strategiske satsingar, opplever nokon jamvel å få gode vurderingar i Forskingsrådet, men likevel ikkje få finansiering.
Den svært kostnadskrevjande hjerneforskinga ved CBM er ikkje malen. Psykologiske forskingsprosjekt kan ofte gjennomførast med moderate eller små midlar og utan store forskargrupper. Likevel kan det vera vanskeleg å få tilstrekkelege løyvingar (og uråd å få langsiktige) ganske enkelt fordi det ikkje finst nok frie midlar i systemet til å finansiera forskarinitierte prosjekt.
Forsking skapar verdiar som blir alle til del. Den akademiske kongstanken om ikkje-kommersiell deling av kunnskapar er i tillegg grunnleggande demokratisk og byggande. Ein av dei beste investeringane vi kan gjera for framtida er å gje forskarar tid til å løfta blikket, men då må dei òg ha råd til å løfta blikket – over eigne budsjett og politiske, ideologiske og kommersielle føringar. Slik bygger vi samfunnet og velferda i dag og grunnlaget for kloke avgjerder i morgon.
Internasjonalt finst det ein trend i retning av å auka løyvingane til fri forsking. Norske styresmakter har høve til å gjera som Obama og talfesta ein reell auke i midlar til frie grunnforskingsprosjekt på 8 prosent per år. Tora Aasland har mange utfordringar i arbeidet med den nye forskingsmeldinga, men knapt noko som er så viktige som denne.
Kommenter denne artikkelen