Du er her

Kritikk på sviktande grunnlag: kommentar til Solveig Karin Bø Vatnar

Publisert
31. januar 2007

Under overskrifta «Politiet utfordres på sviktende grunnlag» kommenterer Solveig Karin Bø Vatnar i januarutgåva 2007 av Tidsskriftet mitt innlegg frå november 2006. Ho konsentrerer kritikken sin rundt tre utklipp, og refererer til forsking og eigne erfaringar. Vidare gjer ho eit poeng ut av at det er i ferd med å bli etablert familievaldsteam ved samtlege politidistrikt i landet, og oppmodar til slutt psykologane om å feie for eiga dør.

Mitt innlegg var ikkje meint som ein kritikk av politiet sitt arbeid knytt til partnarvald. Føremålet var å gjere politiet merksam på at det finst eit instrument eller skjema som kan brukast for å identifisere potensielt valdelege menn eller kvinner, med tanke på iverksetjing av førebyggande tiltak. Erfaringane med bruk av SARA:PV frå Sverige er, etter det eg har forstått, positive (jamfør forskinga til bl.a. professor Henrik Belfrage ved den Rettspsykiatriske Klinikken i Sundsvall).

Utklipp ein: «Omfanget av partnarvald i Norge er ikkje kjend.» Dette er ikkje soge av eige bryst. Eg har referert til ein uttale frå forskar Hilde Pape (2003) i Tidsskrift for Den norske lægeforening: Omfanget av partnervold i Norge er ikke kjent. Internasjonalt er også kunnskapen om individuelle risikofaktorer for å bli rammet av slik vold mangelfull, og foreliggende forskning handler nesten utelukkende om kvinnelige ofre» (s. 2016). På denne bakgrunnen synest eg det er arrogant av Vatnar å hevde følgjande: «Her avdekker Alfarnes at han ikke er faglig oppdatert på temaet, noe jeg mener er en forutsetning for å utfordre andre yrkesgrupper.»

Eg har i mange år arbeidd som klinikar innanfor sikkerheitspsykiatrien og med forsking og fagutvikling hos Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri ved Ullevål universitetssykehus. Eg har vore med på å utvikle eit instrument, strukturert screening sjekkliste, for å vurdere valdsrisikoen hos pasientar i akutt psykisk helsevern. Innanfor valdsforskinga har eg i hovudsak konsentrert meg om risikovurdering og handtering av pasientar i denne delen av psykisk helsevern, og i mindre grad om partnarvald spesielt.

Utklipp to: «Eksisterande forsking er nesten utelukkande om kvinnelege offer.» Her vil eg igjen vise til forskar Hilde Pape sin uttale ovanfor. I akutt psykisk helsevern og i sikkerheitsavdelingane har vi observert at kjønnsforskjellane er i ferd med å bli viska ut med omsyn til kven som utøver mest vald mot andre. Det er flott at forskarar i dag i stadig større grad fokuserer på kvinner som slår menn, og på mannen som offer for vald og krenkingar.

Utklipp tre: «Det er skremmande lite som vert gjort for å stoppe partnarvalden» Dette er ein påstand som eg har henta frå professor Henrik Belfrage, som truleg har uttalt seg i høve til svensk røyndom. I innleiinga til innlegget mitt nemner eg fleire tiltak som regjeringa og helse- og politimyndigheitene har initiert, særleg sidan 2000, mellom anna regjeringa sin handlingsplan «Vold mot kvinner», etableringa av eit kvinnevaldsutval, og NOU-rapport 31 «Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner i nære relasjoner».

Eg får inntrykk av at Vatnar har misforstått min intensjon med innlegget. Det er leitt at ho ignorerer og ikkje kommenterer referansane knytt til dei tre utklippa, men baserer seg på at dette er mine påstandar. Dette tolkar eg som eit retorisk forsøk på å underkjenne bodskapen min overfor politiet, og Vatnar dokumenterer her at ho kritiserer meg på sviktande grunnlag.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 2, 2007, side

Kommenter denne artikkelen